onsdag 16. mai 2012

Wildest

I dag har eg havna i drømmeland igjen.
Eg klarte å rote meg inn på ei side som heite www.kulturstudier.no. Fordi eg har hørt rykter om at det finnast liknande studietilbod som Austral-Asiatisk-kulturstudium, men andre plassar i verda.
Og dette hørtes sjølvsagt interessant ut i mine øyrer!

Der fann eg eit fag som heiter "fleirkulturell pedagogikk".
30stp våren 2013. I Nicaragua. I samarbeid med Høgskulen i Vestfold.
Opphald i Nicaragua i februar, mars og april. Studier og ein del praksis. Munnleg eksamen, heimreise og oppgåveinnlevering i etterkant.
Det hørtes fantastisk fristande ut! Studiegebyret og støtta frå lånakassa går nesten opp i 0 også.
Einaste "ulempa" er at eg kun rekk å vere heime ein drøy månad mellom Astralia og Nicaragua. Og det trur eg blir tungt, med tanke på Tor. Eg kjem til å sakne han noko voldsomt.


Også fann eg noko anna heilt herleg, fantastisk! Eit studieår med spansk språk og latinamerikakunnskap. I Nicaragua og Argentina.
"Du studerer ført nybegynnerspank i Argentina. Deretter backpacker du deg nordover gjennom Latinamerika til Nicaragua der du studerer spansk for viderekommende" - OMG, det høyrest jo heilt fantastisk morosamt ut!
Eg har jo eigentleg vurdert å studere spansk eit halvår eller år, for å kunne undervise på ungdomstrinnet eller vidaregåande. Men å vere vekke heile skuleåret 2013/14 veit eg ikkje. Eg har eigentleg veldig lyst, og bør ta det medan eg kan, men kjenner også at eg snart vil roe ned ilag med Tor. Vil ikkje vere vekke frå han i fleire år, liksom. Kanskje kunne eg tatt berre det eine semesteret?

Tek eg eit år spansk lurer eg på å droppe å ta engelsk no våren 2013. Då ser eg for meg at hausten 2012 blir det Australia og Asia. Våren 2013 blir det samfunnsfag i Volda, med studietur til Kenya. Hausten 2013 blir det Argentina og våren 2014 Nicaragua. Så blir det vel eit år med spes.ped. Treng vel ikkje å ta begge åra slik at eg får master og blir lektor. Kan ikkje studere evig heller.


1 kommentar:

  1. Kulturstudier med høgskulen i Vestfold har eg og suuper lyst til, men trukje det blir nokke ut av på meg jaffal..

    SvarSlett