onsdag 16. mai 2012

Backpacker eller turist?

Er litt usikker på korleis eg skal pakke med meg bagasjen til Australia. Spesielt med tanke på vidare reiser til Vietnam, India, osv.

Skal eg tenke vanleg og reise med trillekoffert? Kanskje litt upraktisk når eg skal vidare til Vietnam og India. Då bør eg kanskje ha ein sekk?

Ein slik stor og flott og fin og dyr ein?
Bilete: Bergans Trollhetta Lady 75L


Men det kan jo bli tungt å bære heile tida også. Så kanskje eg skulle investert i ein enda dyrare, superpraktisk slik?

Bilete: Osprey Soujourn 80: trillesekk.
Genialt! Men kostar 2.200kr. Ganske dyrt syns eg.

Eller kanskje eg skal reise med trillekoffert og medpakka stor sekk? Så kan eg ta sekken med til Vietnam og kanskje India. Og kanskje sende koffeten heim frå australia?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar