søndag 16. desember 2012

Du veit du er i India når

- du våknar midt på natta av at det luktar kloakk på hotellrommet.
- mannen på hotellet må fortelje deg kva side av vasskrana som er varmt vatn. Du klarar iallefall ikkje å finne det ut sjølv. (Heilt sant, altså.)
- du føler deg meir skjeten etter at du har dusja eller vaska deg.
- du vaskar håret i vasken fordi vatnet i dusjen er umenneskelig kaldt. Og er glad du har tørrshampo og våtserviettar
- vatnet i springen luktar kloakk
- du føler deg kvit. Skikkelig kvit.
- når absolutt alle stirrar på deg som om du er ein turistattraksjon
- du får servert sjarlottløk og noko grøn guffe og kanskje også eit flatbrød med fiskesmak til forrett.
- du får rare ting som tilbehør til rekninga. Som smakar mint, lakris eller liknande. Bittesmå bønner/perler/steinar.
- ein berre parkerar bilen midt i vegen og lagar traffikkork.
- mennesker og bilar delen vegen "best" mulig. Er ikkje mange bilar her som ikkje er oppskrapa.


- nesten alle kvinner går rundt med sari og pasjmirsjal.
- klesbutikkane er fulle av nydelige kjolar/sariar i alle mulige fargar, med alle mulige mønster og ulike detaljar. Svært vakre, men eg kan diverre ikkje gå med noko slikt hverken her eller heime utan å føle meg som ein klovn.


- Mange menn går rundt med turban på haudet. Sikhar, I guess.
- Mange menn går rundt i "kjolar", med eller utan bukser under.
- mange menn har bukser som berre er laken snurra rundt beina på snodige måtar.
- Maten er sterk på ein god måte, på grunn av alt krydderet, i motsetnad til i Kina der kun chilli var grunnen.
- Apekattar sit overalt i vegkanten, litt utafor sentrum.


- du pussar tenna og plutselig tenker «søren» fordi du har brukt vatnet frå krana.
- selgerar til slutt godtek at du ikkje vil kjøpe noko av dei, men likevel følger etter deg for å prate, invitere deg til ein kopp te ilag med mor hans eller inviterer deg ut på fest osv fordi du har så vakre auge eller berre generelt er så vakker.
- du ikkje kan kjøpe eitt armband, men må kjøpe dei i par på to eller fire. Dette gjeld «bangles» altså, som er stive armband i tre/metall/lær/plast/glitter/etc som du berre dreg inn på handa.

- du kan få «bangles» i ulike storleikar, slik at eg kan finne nokon som ikkje dett rett av handa mi. (Eg kan ikkje kjøpe slike armband i Europa eller Australia).
- du skrur på airconditionen på «heat» og 26*C, og temperaturen i rommet går frå 20 til 18 celcius.
- du kan ete Nan-brød fleire gongar for dag utan at nokon ser rart på deg (bortsett frå kanskje Karoline). Hurra og namnam!
- inngangspengane til eit monument er 40 rupi for "indians" og 200 rupi for "international tourists".
- menn pissar overalt
- det er kyr overalt (bortsett frå i New Delhi, byen).
- du stadig blir fasinert over kor mange dei klarar å presse inn i små bilar. Ikkje uvanlig å ha 14stk i ein bil med 7 seter! Ofte ser du lasteplan fulle av mennesker.


- ikkje tør å gå rundt med kamera i handa
- Hundar vandrar overalt og ser stakkarslige ut.
- Stopp ved lyskryss betyr at små ungar og skrøkelige voksne kjem og bankar på bilruta di.
- Det kjennest ut som handkle og sengekle er dynka i talkum, konsistentmessig. Og det kjennest ut om hnda dine er fulle av talkum på grunn av dette.
- du er heilt nedstøva etter ein dag ute i gatene.
-alle kallar deg "ma'am".
- bilar er dekorerte med skrift, teikn, maling, duskar osv. Tuk-tukar og lastebilar spesielt.


- Midtrabattane i vegane er fulle av menneske som søv og lev sitt stakkarslige liv.


- menn står midt ute i gata kun iført boxer (ikkje alle som har såpass eingong) og vaskar seg/dusjar.
- lastebilar, traktorhengarar osv er overlesste.


- det står «horn please» bak på alle lastebilane
- gatene er fulle av småsjapper der dei sel lange remser med små foliepakkar. Ser om som ei remse med kondomar eigentleg. Men det er tyggetobakk i ulike variantar.
- folk (spesielt damer) bær ting på hovudet


- lista «du veit du er i landet» blir så long at du burde dele det opp i fleire innlegg.
- alt eigentleg er ganske billig, men du endar opp med å bruke uhorvelig med pengar likevel. Tips til sjåføren, tips til guiden, inngangspengar til ulike monument, tips på restaurant, tips til pikkoloen, bilete av deg sjølv på elefant, tips til mannen som tok bilete av deg på kamelen. Pengane fyk!
- alle trur du er styrtrik og skrur opp prisen. Og ikkje skjønnar at du ikkje kan kjøpe 15 «kvalitet» kasjmir/pasjmin-skjerf til 150kr stykke, eit stort golvteppe, gullsmykker til heile familien, osv. Beklager, men det er desverre ikkje difor eg er her! Greitt nuk at det er billigare her. Det treng ikkje bety at eg vil storhandle.
- ein skal ete med høgre handa.
- gatene er fulle av kyr, geiter, kamelar, hundar, villsvin, apekattar og mennesker.
Og dei et søppel.
- fattigdomen er slåande
- det tek tid før ein skjønar at kvinna har på seg burka, fordi den er så fargerik og fordi omlag alle kvinner går tildekte med sjal uansett religion.
- du ser fullt av kumøk"kaker" langs landevegane som ligg til tørk. Desse blir seinare brukt til brensel.
- kamelane er friserte, mala og «pynta».


- trestammane blir malt etter at dei er stussa.
- nesten alle menn går rundt i skjorter. Ofte under vest. Eller ofte skitne og slitte.
- dorullen er bitteliten, enden er teipa fast og den er innpakka i stivt papir.
- kyr har smykker. Og går anten heilt fritt, eller står i korte band.


- kyr blir vaska. Som i full kroppsvask/dusj. Ofte.
- det er mange bittesmå hus langs vegen, som du ikkje fattar at nokon kan ha som heim.
- lastebilane som passerar deg har høg musikk som duvar i lufta ei stund. Anten type Bollywood eller type arabisk sjeik opplegg.

Eg kunne nok ha funnet fleire bileter til dei andre punkta, men senga mi skrik at eg må gå å gje den ein klem, så dåkke får klare dåkke med dette.

Landet er ei herleg blanding av Bollywood med fargerike sariar, paljettar og stas, Afrika der menneska bær ting på hovudet og lever direkte av naturen, Midtausten med lakenkledd gjetar med stokk og ein flokk geiter eller sauer og slum med utruleg fattigdom. Desse fire elementa ilag skapar landet India.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar