torsdag 13. desember 2012

Jaipur – the pink city.

Etter frukost på hotellets takterrasse, under plasttaket med 80 duer og med halvskjete servise, satte vi oss i bilen og sette kursen mot Jaipur. Ja, vi har fått privatsjåfør her. Ein veldig hyggelig ein, som hjelper oss med alt vi måtte ønske. Spørs kor mykje tips han må få etter 8 dagar!

På vegen knipsa eg mange bilete og prisa meg lykkelig over at trafikken flaut litt lettare enn inne i sjølve Delhi. (Les: eg vart ikkje bilsjuk. Hurra!).
I løpet av bilturen hadde eg og sjåføren ganske mange rare samtalar også. Hadde det ikkje vore for at vi satt i same bil hadde ingen kunne gjetta at vi deltok i den same samtalen, for det var ofte at vi ikkje snakka om det same. Eg fekk iallefall svar på mykje anna enn det eg spurde om. Men han er flink i engelsk, det skal han ha. Litt svinn må ein rekne med.

Sjåføren ville gjerne vise oss litt billigare butikkar og handlegater enn dei vi besøker med guiden, slik at vi slapp å kjøpe så dyre ting. Super deal!
Vi to nordmenna tolka det som at han skulle ta oss med på marked, veldig billig marked. (Sånt skjer når orda cheap, local og market blir nemnt nokre titalls gongar). Det viste seg derimot at han skulle ta oss med på desse typiske turistplassane, med «vise fram – bom, kjøpspress» og 7 ansatte per kjøper. Men dei var nok billigare enn dei guiden hadde vist oss. Likevel, ikkje heilt kva vi hadde sett for oss. Eg kjøpte meg eit smykke til 160kr, i sølv med ein lys lilla amethyst-stein (snedig nok steinen som bringer lykke for dei som har bursdag i februar). Ikkje hårreisande, men ikkje noko eg hadde kjøpt hadde det ikkje vore for settingen heller. Gah.

Men vi fikk ri på kamel da!



I løpet av dagen hadde sjåføren vår fiksa både pappkasse og teip til oss, så tilbake på hotellet fekk vi pakka ihop mange kg som vi ville sende heim. Lure meg oppdaga at eg hadde pakka ned ein del av Karoline sine ting, etter at eg hadde teipa igjen heile sulamitten. Etter lang vurdering opna eg eska igjen og fekk lykkelig plass til mykje meir av mitt pengeforbruk og dermed enda fleire kg.

På kvelden gjekk vi ut for å ete på ein litt «dyr» restaurant med gratis underhaldning. Og sørvisen og stemninga var god heilt til servitørane ikkje var fornøgde med den ekstra tipsen dei fikk til trass at der var trekt både «tax»og «service charge» på rekninga. Dansarane (underbetalte stakkarar tippar eg) var derimot fornøgde med sin vesle tips, og det var det viktigaste i mine auger.


Vi gjekk også litt i gatene og såg, og prøvde å ikkje snuble i kyr som låg i skyggene. India på kveldstid var ikkje kult, ikkje akkurat denne kvelden og akkurat der iallefall. Når du passerar ein mann som «tilfeldigvis» strekker ut armane og tar deg på låret/mellom beina i forbifarta, eller når ein anna forbipasserande kar daskar deg på rumpa/låret når du står og studerar nokre butikkvarer – nei, det er ikkje greit. Makan til eklingar!
Vi gjekk også forbi noko som såg ut som eit bryllup og vart ståande å sjå over muren på dansarane i nokre sekund, før vi oppdaga mannfolka som stod i skyggen ved munnen og vinka på oss, gliste og hoia. Frysningar.
Dette er faktisk først kvelden på reisa mi denne hausten at eg ikkje har følt meg trygg.
At eg vil gå raskt forbi folk og komme meg tilbake til hotellet eller inn på ein «trygg» butikk (umulig å vite). At eg tviheld på veska og er årvåken.
Heldigvis er ikkje alle inderar slik.
Det var deilig å komme tilbake til hotellet og ei god seng. (3 stjerners i Jaipur er noko heilt anna enn 3 stjerners i Delhi! I favør av Jaipur)

Neste morgon åt vi oss stappmette til frukost før det var avgårde på sightseeing. Det første vi gjorde var å sjå Amber Fort, og på veg opp dit var transportmiddelet.. Elefantar!! Yey!
Heilt ypperlig å ri på elefant tidlig på morgonen. Så er du sikkert på at elefantlukta vedvarer resten av dagen. Også lurt å ta på seg nyvaska bukse denne dagen. (Nei, det er ingen selvfølge å få vaska kle når ein er på tur, her må ein tenke smart).
Bortsett frå lukta var det knall da. Og takka vere ein no litt rikare førar av elefanten bak oss og guiden vår har eg bilete å vise dåkke.




Dagens guide brukte god tid på å vise oss alt av Amber Fort, og tok mange bileter av oss. Så vi var storfornøgde, og han låg an til mykje tips (det forandra seg diverre seinare på dagen).





Så skulle vi prøve å sende pakkane våre heim til Norge. Det innebar å bære pakkane våre og følge etter guiden gjennom området der alle elefantane var, for å finne eit lite postkontor som ikkje kunne hjelpe oss. Eg syns det var stas å gå gjennom ei «gate» av elefantar, med mange snablar som prøvde å ta frå meg pakken frå alle kantar. Fine, svære elefantane. Hadde eg ikkje hatt henda fulle, og hadde det ikkje vore så mange mannfolk som satt der med pengar og ekle ting i blikket, hadde eg stoppa og kosa litt med dissa artige dyra. Eg angrar nesten litt på at eg ikkje satte frå meg pakken på bakken imellom all elefantbæsjen for å stryke elefantane og ta bileter av dei. Spørs kva eg måtte betalt for å sleppe derifrå.

Vi stoppa ved ein plass for å ta bilete av Amber Fort på lit avstand, og der var ein slangetemmar som klarte å lure Karoline til å sette seg ned ved sidan av han, for deretter å forlange mykje pengar. Denne slangen turde eg definitivt ikkje å holde, for denne snerra og hogg til innimellom.


Så stoppa vi og tok bileter med Tal (?) Mahal, Water palace, eller noko slikt.

 
 Neste stopp var demonstrasjon av trykkekunst og handlaging av teppe, etterfulgt av det velkjende kjøpspresset. Eg klarte å lure oss vekk frå å kjøpe golvteppe ved å gje frå meg telefonnummeret til karen som viste dei til oss (eg har uansett ikkje telefon i drift). Seieren var derimot kortvarig når vi blei forvist inn til neste rom med sengesett, sari, skjerf, og alt mulig anna. Sukk.
Det heile endte med at eg kjøpte eit ganske så fint skjerf, til 120kr. Pasjmin. Kasjmir. Ypperlig kvalitet. Handlaga. Tullball. 120kr er ikkje så dyrt, men eg mislikar så utrulig sterkt dette opplegget med guiding og forvising til kjøpspress, og kommisjon til guiden. Eg hatar at opplegget faktisk fungerar. At eg endar opp med å kjøpe noko berre for å komme meg ut derifrå. Eg er sikker på eg kunne vore der i 5-6 timar om ikkje. Nei, 120kr er ikkje dyrt, men eg veit eg kan få skjerf for 20kr i gatene rundtom. Såklart ikkje samme kvalitet, men hallo.

Deretter besøkte vi City Palace, som også var ganske interessant, før Jantar Mantar, eit astronomisk observatorium bygd av kongen i 1728. Også ein svipptur innom enda ein liten «shoppinghall», men denne kom eg raskt og tomhendt ut frå.



Etter dette trudde eg vi skulle opp i Hawa Mahal, sidan guiden sa vi skulle dette, og at der var fin utsikt og at han skulle ta bilete av oss. Men han såg på klokka og sa at vi skulle ta bilete ut bilruta, for der var ikkje noko å sjå likevel.

Guiden ville ha oss med til ein plass der dei viser oss korleis dei sliper og formar steinar. Altså, ein plass der dei absolutt skal selge oss dyre og stygge jewleries. No sa vi rett ut at «nei, vi hadde allereie sett det» og før vi fekk fortelle at vi gjorde det på eiga hand vart det stor diskusjon mellom guiden og sjåføren. Så det heile endte med at vi reiste på postkontoret.

Merkar du korleis stemninga synk?
Vel, etter at guiden hadde sett på klokka 367 gongar på postkontoret sa eg at han berre kunne reise heim. Og etter at han stod der og venta på tips, som han til slutt fikk, så forsvann både han og den trykkande stemninga.
Sjåføren vår stilte seg opp i ein anna kø enn oss, som rakk raskare fram, og vinka oss bort. Ordna opp han. Kjekke mannen! Som vi hadde litt dårlig samvittighet ovafor, sidan han blei «avslørt» av guiden. Vi lovar bot og betring gjennom evalueringa vi skal skrive til firmaet! Og gjennom velfortjent tips når vi nærmar oss heimreisa.

Sjåføren slapp oss litt unna hotellet, og viste oss vegen til både hotellet og ein god restaurant. Vi kjende oss igjen sidan vi var i gata frå kvelden før, og tusla skrubbsvoltne bort til restauranten. Det var visst ein vegetar-restaurant (kryr av dei her), og maten var kjempegod. Og vi var dei einaste ikkje-indiske der. Yey. Eg likar ikkje å ete (berre på) på turistplassar.Vi har hittil ikkje ete eit einaste måltid som ikkje har vore 100% indisk mat. Det er eg storfornøgd med. Og til trass for at vi var supermette var dessertmenyen fristande. Vi åt eit herremåltid. Og sørvisen var upåklagelig. Og Karoline lo høgt når vi fekk rekninga. Heilt sant. Om kroppen produserte ekstra endofinar av å ha mat i magen igjen eller kva det var veit eg ikkje, men vi gjekk iallefall derifrå superfornøgde.


Denne gongen gjekk vi mot gamledelen av byen for å handle litt. Altså same type gater som forrige kveld, men litt fleire folk, butikkar og liv. «Hovudgata» var grei, men stikkgatene turde vi rett og slett ikkje gå inn. Alle blikka vi fekk. Usj.

På veg gjennom gata gjekk alle butikkansatte frå å sitte rolig og carelesstil å sprette opp og rope med ein gong dei såg oss. Sirkus!
«Hello ma'am! Over here! Ma'am! 100 rupies! Look here, ma'am! 50 rupies!» hørte vi frå alle kantar.
Og dei som ikkje ville selge oss noko såg likevel rart på oss. Eller såg på oss med ekle auger. Prøvde å prate med oss eller følge etter oss.
Trur vi forvilla oss inn i eit lokalt market/handlegate eigentleg. Truleg ikkje mange turistar der.

Eg vart overraska over at eine selgaren skulle ha 150kr for eit skjerf. Samme som den tidligare på dag. Eg var fast bestemt på at eg ikkje skulle ha noko, og prøvde iherdig å komme meg derifrå. Ei stund seinare gjekk eg derimot der ifrå med eit skjerf og kun 30kr mindre i lommeboka. Stemninga var kanskje ikkje den beste, men.
Eg fekk og kjøpt meg to nye vesker til 20 og 25kr. Men turde ikkje gå inn nokon plass med benk og «framvisningsplass».

Heile vandringa var ganske travel, det hadde begynt å mørkne og gata byrja å nærme seg slutten, så vi bestemte oss for å finne tilbake til hotellet. På veg tilbake måtte vi gå mange nesten folketomme smågater, mørke og småskumle, og vi var begge redde for at no hadde vi tulla oss skikkelig vekk. Ikkje hugsa vi namnet på hotellet heller.
Vi møtte på ein gjeng med 7-8 ungar, kanskje på 7-8 år. Først smilte dei og ville sei hei, så eg sa selvfølgelig hei og hilste på dei. Men så ropte dei «photo, photo» og eg skjønte ikkje heilt om eg skulle posere ilag med dei eller ta bilete av dei. Sidan dei ikkje hadde kamera tenke at det hadde vore kjekt å ta bilete av desse søte ungane, men noko i blikket på «ledaren» gjorde at eg ikkje opna veska. Når vi då gjekk derifrå kasta dei småstein etter oss, og eg tenkte herrefred. Kanskje ville dei berre at eg skulle ta bilete av dei, dei var jo tross alt berre ungar, men dette landet er virkelig annerledes enn heimlandet mitt.

Overlykkelige fann vi ei kjend gate og dermed også hotellet.
Å krysse hovudvegen såg ut til å bli vanskelig (her går ein berre uti vegen mellom alle bilane, slik som i Vietnam), så vi slengte oss på to karar som stod i vegkanten med same problemet. Og gjett kva? Dei hjalp oss over vegen, vi sa «takk», dei smilte, og dei lot oss vere i fred, altså vi fekk gå vidare i fred. Det er håp for menneska likevel!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar