søndag 2. desember 2012

Tokyo; Disneyland og Harajuku

Mandags morgon var vi framme i Tokyo og drista oss inn på smekkfulle metroar fullesst med bagasje. Svett tur, men vi kom fram.

Framme på hotellet fekk vi ikkje sjekke inn før kl.15. Men det gjorde ingenting, for vi kunne opphalde oss nede der det viste seg at vi tilbrakte mest tid om dagane uansett. Romma var nemlig berre kapslar. Tronge kapslar. Og vi fekk ikkje ha bagasjen i gangen der pga brannsikkerheita. Så vi levde egentlig i opphaldsrommet, med litt tid på badet og litt tid i kapselen når vi ville ha internett eller søvn.

Denne mandagen byrja det å høljregne i Tokyo. Så bortsett frå å kjøpe oss måltid og vandre litt i nærområdet tilbrakte vi dagen foran dataskjermen. Og skreiv oppgåve. Eg skreiv iallefall oppgåve.

Tirsdag brukte vi heile dagen i Disney World.

Onsdag brukte eg heile dagen på å skrive oppgåve (nesten i mål!) og sove litt.

Torsdag reiste vi til Harajuku og åt frukost i ein park utan benkar før vi fann handlegatene og såg på artige folk, artige butikkar og koste oss. Det er altså alle klesstilane som er det artige med Harajuku.
Vi sosa også litt rundt på togstasjonen i Tokyo utan å finne særlig ypperlig sentrum utanfor. Men eg fann postkontor så eg fekk posta nokre kort iallefall.

Fredag reiste vi til India. Det vil seie, vi reiste alle fire til Kina og mellomlanda der før vegane våre skildest.
















































Ikkje så veldig mykje sprell i Tokyo, men eg har iallefall nuk ord på oppgåva mi no! Manglar berre litt finpuss før eg leverar den inn. Yey.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar