lørdag 27. oktober 2012

Ha Noi Night Market, ciclo og div

Maten her i Vietnam er absolutt ikkje som forventa.
Fiskesaus serverar ein aldri til turistar. Sikker fordi dei er så flaue over den sterke lukta og fæle smaken, og veit at ingen andre likar det. Så ingen problem.
Og ellers har eg ete mykje tradisjonell mat, til kvart einaste måltid utanom eitt faktisk, og prøvd mykje eg ikkje ein gong anar kva er.
Frukta her nede er utruleg god! Pasjonsfrukt, grapefuit, dragon fruit, papaya, mango, melon - så smaksrikt, søtt og godt. All denne frukta her er slik som kan skrellast, så no worries. Men eg har også drikket mykje juice/vatn med isbitar. fyfy. Og eg har ete mat frå gata. Fyfy. Og eg har glømt å ta idoformen fleire dagar. Fyfy. Men magen min har det heilt suvernt! Har heller ikkje ete usunt på ei veke, og kjenner 0 behov for søtsaker. Digg!
Eg føler vi et heile tida. Alle er svoltne heile tida, og eg er aldri svolten.
Ta i dag som eksempel: kl.08 åt eg ein frukost så stor at eg holdt på å sprekke. Kl.10 var det pause i forelesninga med div mat, frukt og drikke. Kl.12 var det lunsj, så vi reiste på restaurant og åt middag. Og kl. 14 var det pause i neste forelesning med enda meir småmat og drikke. Konstant stappmett. Og såklart må eg et noko når alle andre et. Det resulterar i at eg då ikkje et noko resten av dagen. Tull tull. Eller, eg brukar å tvinge i meg minst eitt måltid til i løpet av dei 12 vidare timane eg er våken.

Eg lever visst etter den norske klokka, og gløymer å legge med om kveldane. Det svir kvar einaste morgon... Eigentleg har vi alt for mykje å gjere om dagane så eg rekk aldri å sove meir enn 5t om nettene før timeplanen seier eg må stå opp. Går rundt som ein zombie som kun klarar å halde seg våken fordi ein 3-sekunds-døs i Ha Noi = påkjørt eller robba. Og fordi her skjer så mykje spennande heile tida, såklart.

Torsdag var vi ekte turistar og kjørte ciclo. Ein sykkel med sete/kasse foran. Heile klassa, alle på kvar sin. Rundom i Hanoi, midt i all trafikken, heilt kaos.



Fredag var vi på skulen nokre timar før vi drog på eit tradisjonellt musikk show. Altså teater. Eg skjønte såklart ikkje eit kvekk av kva dei sa eller sang, men det var mykje musikk og fargar, så det gikk fint.


Denne dagen fekk eg også så vidt skvist inn tid til å prate med både ein forelesar og ein student her som har god peiling på den vietnamesiske dragen (research til oppgåva må til.) før lobbyen på hotellet var full av 30 vietnamesiske studentar og 10 norske studentar. I helgene er det night market her i old quarter, og dei ville ta oss med dit for  shoppe. Byen som alltid er travel kokte over denne kvelden. Og ei gruppe med så mange asiatar er skummelt høglytt. Vi nordmenna som vart med ut trengde berre å vere i live, så knipsa asiatane 165 bileter av nordmenn og asiatar ilag og vi hadde vore bestevennar for livet. Markedet var veldig kjekt, og utrulig billig, men for eit kaos. Det var også denne kvelden eg fikk servert både cheese-stick, grilla mango og sugar cane juice - ferskpressa midt på gata, og så søt som det går an å få det. Eg var derimot glad for at eg ikkje var svolten og heller shoppa enn å ete nuddelsuppe på gata. Medstudentar kunne nemlig fortelle om den svære felles suppa med både sneglar, mage og alt mulig anna oppi.



Laurdag var det også skule frå 9-16. Men min taxi kom for seint til forelesninga fordi vi satt ei stund i taxien utanfor hotellet og venta på nokon som visstnuk hadde bestemt seg for å skulke. (Ja, eg begynner å bli ganske så lei av all ventinga på andre, men sånn er det når ein er 20 studentar på tur).

Kvelden vart atter ein gong tibrakt på spa, før vi vandra rundt på markedet i mykje roligare atmosfære enn kvelden før. Bortsett frå dei 10 minutta eg ikkje fann igjen folk, og stod der midt i Hanoi utan pengar på mobilen, så klarte vi oss utmerket. Fekk shoppa ein heil del i dag! Kjolar til 20, 30 og 60kr blant anna. Eller 100.000 og 200.000 dong om du vil.


Fikk lesestoff ein dag:


Nei. No er klokka 2 om natta. Og eg må pakke pakke. Kl.09 i morgon sjekkar vi ut av hotellet, og mykje må ordnast før den tid. Imåra blir det ein heil dag med sightseeing før vi setter kursen mot Sapa!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar