torsdag 25. oktober 2012

Ha Long Bay!

Ein av verdas sju underverk, og på UNESCO si World Heritage liste.
Absolutt fortjent!!

Etter å ha google litt om plassen frå sofaen heime i Noreg såg eg for meg ei bukt med 9-10 "fjell" stikkande opp av vatnet. Det var litt av ein underdrivelse! Ha Long Bay er eit svært område, med i alle fall 100 ulike steinar/fjell. Nydelig!


Etter ca 3t i buss + midtvegsstopp på turistbutikk var vi framme i Ha Long. Der tok vi ein liten båt ut til den store båten, som skulle vere vår heim det neste døgnet. Etter å ha tøffa oss ut mellom steinane åt vi lunsj ombord - fisk og skalldyr. Så sette vi kursen som eit av fjella, der vi gikk i land og gjekk inn i svære grotter, og opp til nokre platå med fin utsikt. På veg tilbake til båten såg vi også en apekatt! Og etter å ha sisttet på båten ei god stund og venta på dei siste, kjørte vi tilbake til storebåten for å skifte om.



No var det tid for neste øy! Der gjekk dei fleste av oss hudrevis av trappetrinn for å komme opp på toppen og nyte utsikta og solnedgangen. Svette og gode gikk/jogga vi ned igjen til stranda der eg slengte av meg alt anna enn bikinien og kasta meg ut i vatnet. Der var foresten ei lita badestrand. Og det er det varmaste vatnet eg har bada i i heile år! (med untak av badekaret brisbane som nesten fekk meg til å besvime). Utruleg deilig! Vi turna litt og koste oss i vatnet til det vart så mørkt av vi nesten ikkje såg att tinga våre på stranda. Då gjekk vi tilbake til båten og venta nokre kvarter på dei siste personane før vi reiste heim til storebåten og dusja.



Middagen var også fisk og sjømat. Eit eter eit fat kom ut med både det eine og det andre. Heldigvis var der ris, stekt løk og noko udefinerbart kjøtt eg kunne ete meg litt mett på. Til middagen delte eg ei flaske vin med Karoline og den superhyggelige "læraren" vår Stephen, føv vi satte oss opp på dekk i solsengene i mørket og naut ulike cocktails og den nydeliga utsikta av mange båtar med lys, stjerner og silluettar av Ha Long Bay "fjella". Og godt selskap, selvfølgelig. Vi kosa oss så masse at eg og Karoline henta dyna og puta vår, og la oss i solsengene i staden for senga. Vi fann ut at dette sikkert var einaste sjangsen vår til å sove under open himmel i Vietnam.



Klokka 05:30 vart det derimot for lyst for min del, og alt var ganske vått. Litt skuffa over at der ikkje var soloppgang å sjå, berre lysare og lysare himmel, gjekk eg ned på lugaren for å legge meg ein liten time. Senga var knallhard, så eg angrar ikkje på at eg låg i solsenga på dekk i staden for.

Etter frukost med toast, syltetøy og egg (truleg type and) reiste vi på ein liten båttur inn til ein lagune. Ein vietnamesisk mann sto bak på båten og rodde, og vi satt og naut stillheita og utsikta. Sjelero! Det var utruleg deilig. Der var også nokre småbåtar; "flytande burikkar", med ein liten gutt som var ufattelig søt.



Tilbake på storebåten sjekka vi ut av rommet og satt atter ein gong på dekk og naut sola og utsikta idet vi cruisa mellom øyene i eit par timar. Eg klarte til og med å bli litt solbrend før det var lunsj - sjømat og fisk. Dette måltidet havna eg på bord med guiden vår, læraren vår og den vietnamesiske FTU-studenten som var med, så eg fekk lære mykje interessant om Vietnam. Kjekt!



Det var tid for å vende nasa heimover, og nokre timar seinare var vi tilbake i Hanoi. På vegen hadde vi derimot ein halvtimes stopp der eg kjøpte meg ein typisk vietnamesisk silkekjole. Bilde kjem kanskje ein anna dag, no er eg solbrend og sliten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar