onsdag 17. oktober 2012

Studieveke

Dette er siste veka mi Australia, iallefall om du ser vekk ifrå dei 4 dagane eg såvidt skal vere her mellom Vietnam og Kina. Denne veka har vi ingen forelesningar, så det sosiale livet er kun tilstades fordi eg bur oppå tre andre jenter i ei leilighet med to soverom.

Dagane har eg brukt på å....

- Levere minor assignmnt, og kryssa fingrane for god karakter.

- Få visum til India, tjohei!


- Og dermed også bestillt fly frå Japan til India.

- Skrive oppgåve og ete ein heil del sjokolade. Og angra på at eg valde ei problemstilling som det er umulig å finne god litteratur til.


- Feira at navnedagen til Marte og Eplekakedagen havna på samme dag.


- Bestillt overnatting for omlag alle plassane i Kina og Japan. Og dermed lagt om reiseruta i Japan, grunna trassalder frå Kyoto si side. Byrjar å falle på plass no!

- Sett ferskaste episodane av Hart of Dixie og The Vampire Diaries på tv, sendt express frå US.


- Ligget på senga og hørt på musikk, og tenkt på kor mykje peng eg må betale tilbake til lånekassa dersom eg reiser rundtom i Asia utan å bry meg om å skrive monsteroppgåva.

- Tenkt på at eg blir millionær på mandag når eg landar i Vietnam. (1 million vietnamesiske dong tilsvarar ca 300kr. Eg gruar meg til å rekne om alle prisane der..)

- Fått jobbtilbud (som vikar) frå ein barneskule som eg tidligare har hatt praksis ved! Passar desverre litt dårleg, men var stas likevel.


- Gått på biblioteket og butikken for å innbille meg sjølv at eg ikkje lever i oppgåve-isolasjon. 

- Handla alt for mykje mat med tanke på kor få dagar vi har igjen her.

- Drømt om Max Brenner Chocolate Restaurant. Og gleda meg til romansen skal blomstre seinare i veka når oppgåva er lang og eg fortenar belønning.


- Gleda meg til fredag, då eg skal på Museum der dei har Egyptisk utstilling akkurat no.


- Sett vekslande mellom den knallblå himmelen ute, bikinien som ligg i skapet og dataen som ligg omringa av skremmande dårlige research-bøker.

Og akkuat slik blir nuk dei neste dagane også..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar