På mandag anar eg ikkje kva vi gjorde. Prøvde å skrive oppgåve kanskje? Og brukte i staden evig tid på å finne overnatting i Byron Bay og å organisere dykking + hanggliding. Og finne ut at eg kan ta dykkerlappen på fire dagar til 2.000,- i Koh Tao, Thailand, dersom vi berre endrar litt på reiseruta.
På tirsdag testa vi ut dei offentlige grillane ved South Bank. Og eg reiste til sentrum for å handle litt utstyr til neste dag. Dei sendte ferskaste episoden av Greys Anatomy på tv, og etter at Karoline la seg "pynta" vi leiligheta.
På onsdag hadde Karoline bursdag, eg bestod ein svært omfattande Dive Medical, og vi gjekk ut for å ete på kvelden.
På torsdag holdt vi på å drukne. Eller, ikkje vi da. Men Australierne, som ikkje er så vande med regn. Så eg gjekk heimover medan eg sang "dancing/singing in the rain".
Og eg vart lovd både lyn, torden og storm, og vart så skuffa når eg ikkje fekk det at min fantastiske skrivedag endte med å kaste research-bøkene under senga, og legge meg på senga med musikk på øyret medan eg forbante min elendige disiplin og motivasjon.
På fredag holdt vi på å blåse vekk. Og var heile dagen på skulen, kjendes det ut som. Og eg prøvde iherdig å få oppgåva mi på 2800 ned til 2000 ord utan å gjere den super-elendig.
Og prøvde å gjere den andre oppgåva på hittil 200 ord om til ei oppgåve på 8.000 ord.
Eg lykkast nesten med det første. Det siste har eg heldigvis heile neste veke på å jobbe med også.
Men seinare på fredags kvelden skulle eg oppleve noko av det verste eg har vore borti.
Etter å ha fullført minor assignment skulle eg belønne meg sjølv ved å for første gong på over eit år ta meg eit langt bad. Eg oppdaga nemlig her ein dag at "hei, under dusjen er jo badekar! kvifor har ingen brukt det enda?"
Eg låg lenge i varmt og deilig vatn og slappa av, medan eg byrja på ei bok av Jo Nesbø som absolutt ikkje er pensum.
Etter ei stund tenkte eg at det var på tide å reise seg opp, vaske håret og gjere seg ferdig. Flinke Karoline dreiv nemlig å bakte pizza. Eg anerkjende den sterke klorlukta frå vatnet og reiste meg opp.
Oppreist kjende eg plutselig at eg byrja å bli litt uvel. Eg tok raskt fatt i shampoo-flaska for å gjere meg ferdig, men klarte berre såvidt å gripe fast i flaska, og mista den nesten. Med shampoo i håret svimla det skikkelig for meg, og eg måtte sette meg ned i badekaret før eg ramla ned.
Eg kjende at øyrene tetta seg, eg høyrde ingenting rundt meg. Eg klarde ikkje blåse ut "toppen" Haudet holdt på å koble ut, og eg klarte heldigvis å krype ut av badekaret og bort til døra, og låse den opp. Eg klarte også late opp vinduet - eg skjønte at eg trengde frisk luft. Eg skjønnar ikkje korleis, eg klarte jo knapt å kontrollere ein muskel. Etter å ha tulla handkledet rundt meg, klissvåt og full av shampoo, klarte eg såvidt å komme meg opp i sitjande stilling på golvet.
Eg kjende at eg måtte kaste opp, men med djup pusting klarte eg å la ver. Deretter klarte eg faktisk å late opp badedøra, og spørje om nokon kunne komme med vatn til meg.
Etter nokre minutt på badegolvet der eg knapt klarte å røyve på meg, med vatn, frisk luft og djup pusting, klarte eg til slutt å reise meg opp att. Eg klarte faktisk med tid og stund å skylje ut shampoen, raske på meg kle og slenge meg på senga.
Eg var rask å ringe etter resultata frå haustens MR (som viste seg å ikkje vere så enkelt!), for å utelukke at det hadde noko med hjartet å gjera. Og etter nokre timar er eg no nesten så god som ny.
Usikker på kvifor det skjedde. Lurer på om vaskedama i dag har vaska badekaret med salmiakk eller anna rare kjemikaliar, og at det har blitt dårlig kombinasjon med alt kloret i vatnet her.
evt var eg alt for utslitt, og kroppen tålte ikkje varmen frå vatnet før eg plutselig reiste meg opp med mitt lave blodtykk.
Eg fikk meg ein kraftig støkk. Uruleg ekkelt! Eg har iallefall aldri vore så nære å besvime før. Heldigvis hadde eg vett og krefter til å få låst opp døra og gje beskjed før eg kobla ut. Menmen. Det går iallefall bra no!
I morgon reiser vi til Surfers Paradise. Og eg kjenner det skal bli bli deilig med ein dag med 100% avslapping. Eg har iallefall slått ifrå meg tanken på å hive meg ut i bølgene og surfe imåra. Må lade opp kroppen til dykking og hanggliding på søndag!
EKKELT!! Bra d gikk fint. Pass på deg sjøl, vi ve ha deg like heil heim! <3
SvarSlettCathrin :)
Ja, eg har aldri besvimt før, men trur ditta var nære på.. Gikk heldigvis fort over =)
SvarSlettStore planar om å komme heim heilt intakt ;)