torsdag 1. november 2012

Sa Pa!

Seint ein kveld, eg trur det var søndag, låg eg i øverste køysenga på ei bitteliten kabin på toget og smilte av reisesjuketabletten i magen medan toget svinga og humpa så mykje som mogeleg ved så låg fart. Heldigvis var eg heilt skutt etter ei intens veke i Vietnam, og fekk sove fleire timar på nattoget som var framme i Lao Cai midt på natta. Etter ein time med buss, der eg såvidt skimta terasselandskapa og skodda utafor bussvinduet i eit sekund av gongen før augelokka igjen lukka seg, var vi framme ved hotellet i Sapa før kl.06 om morgonen.



Sidan det var over 6t til vi fekk hotellrom, dusj og seng åt vi frukost og traska litt rundt i den halvvåkne village'en før vi skulle på fjelltur kl.09. Ca annakvar butikk i Sa Pa var "The North Face", og gatene var fulle av små søte damer som utvikla seg til små innpåslitne damer.

"You buy flom me?", "Maybe later? .. Maybe sule?" og "plomise?" hørte eg ca 4598 gongar på desse to dagane, sjølv om eg aldri sa anna enn "no" og rista på hovudet til nokon av dei.


Etter utallige trappetrinn og ein del klaging på bokmål var vi nesten samtlige på toppen. Eg med min tunge pust gjekk like så godt forbi alle saman og gjekk aleine (rett bak guiden) heilt til toppen. På eit punkt stoppa han for å hente inn dei andre, medan eg kunne åle meg vidare mellom steinane som stod 65cm ifrå kvarandre og var fulle av enorme spindelvev over alt. Skummelt! Vel oppe på toppen naut eg utsikta i 5 min aleine før ein bøling med nordmenn kom.


På ettermiddagen reiste vi til ein foss. Dei av oss som gadd å møte opp, that is. Og eg fekk tatt nokre fine bileter og triksa litt med kameraet mitt.




Deretter reiste vi til eit utkikkspunkt med flott utsikt over fjella i Sapa, og drakk litt *** som ei hyggelig dame hadde dyrka.


Vi stoppa også ein plass der eg fekk tatt bileter av nokre helege små bissevoffsar. Kva vi eigentleg skulle sjå veit eg ikkje. Eit kar med fisk, trur eg.




På kvelden shoppa vi ein heil del før vi møttest på ein lokal restaurant for middag, og tok tidleg kveld i ei deilig seng.

Dag nr.2, som føltes som dag nr.3, kjørte vi skikkelig off road og gjekk nedover og nedover til Cat Cat Village. Vi stoppe ved eit utkikkspunkt, og nederst ved ein foss, før vi gjekk heile den lange vegen opp att. Det var derimot ein anna veg, delvis inne i skog, men tusenvis av enorme spindelvev og svære edderkoppar. Grøss.







Etter lunsj reise vi til enda ein Village. Når bussen stoppa stod det ca 60 damer utafor bussen som ville selge oss ting. Støyet var overveldande til trass for at alle dører og vinduer var lata att, og ingen ville vere førstemann til å gå ut. Scenarioet minner litt om då vi var ved Mt Goundabooka i Bourke, og ingen ville vere den første til å passere slangeholet.

Utsikta medan vi gjekk nedover var sikkert fantastisk, men eg var opptatt med å halde fast på veska og overleve dei verbale overfalla frå damene, og ikkje drukne i alt regnet som plutselig skyllte ned over oss. Når vi søkte ly inne på ein restaurant sat vi 20 studentar med 40 jenter og damer hengande over skuldrane våre. Stress. Nokre damer hadde fine ting å selge, men eg opna ikkje lommeboka eit sekund, i vissheit om at dersom eg gav etter kom eg aldri til å fred igjen. "You by flom hel, you buy flom me too. Not fairl fol me!"
Også lærte eg at det ikkje heiter "thank you" men "sænk jiu". Japp..












Tissatrengt som berre fy og søkkvåt var eg lykkelig over å sjå bussen etter å ha vandra nokre timar gjennom ulike småplassar. Med alt i alt var det kjekt å få sjå mange småplassar i Sapa.

Kvelden kom, og etter middag på ein restaurant med snurre-bord låg eg atter ein gang på nattoget. Denne gong utan reisesjuketablett innabords. Og etter ei natt med uhyre lite søvn ankom vi Ha Noi litt over kl.04.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar