lørdag 24. november 2012

Du veit du er i Kina når

- du må skrive ned adressa til destinasjonen din på kinesisk på ein lapp, og håpe at taxisjåføren tek deg dit du skal.
- du får øyreverk av å vere mykje med lokalbefolkninga
- når tampongar ikkje eksisterar, kun bind. (Du kan såklart ha griseflaks i større byar.)
- når folk heng opp skjetnekleda sine midt ute på gata
- når folk syklar rundt på syklar med trøder og påhengsmotor
- når du må gå rundt med dopapir i veska i tilfelle du må på do.
- når du får kraftige lårmusklar av å ha lita blære.
- unge damer går rundt med det vi i Europa kallar "barnslige" kle. Hello Kitty, strikkagensar med bamsar på, osv er populært.
- maten er så sterk at du ikkje smakar forskjell på kjøtt, fisk og brokkoli.
- alle snakkar til deg på eit framandt språk i lange evigheter sjølv om du klårt viser at du ikkje forstår.
- eldre damer er søte og små, heilt til du reiser på sightseeing ilag med dei.
- mennesker spyttar overalt, også innandørs.
- mennesker urinerar overalt. Blant anna på den kinesiske mur, og midt inne i den forbudte by. Kjekt med 1.000 publikumere når ein skal tisse!
- du finn panda-souvenirar kvar enn du går.
- du ser menn med grøne frakkar og grøne hattar, med ei raud kommuniststjerne på.
- du ikkje har adgang til facebook, bloggar, youtube eller noko form for sosialt liv på internett. Ingen mulighet for å ytre sine meiningar på verdsveven.
- du ofte får servert (gratis) te som drikke til middagen.
- buksene til små ungar har stort hol mellom beina. Liknar litt på cowboy-bukse. Dei fleste eg har sett har heldigvis hatt bleie under, men eg har hørt rykter om at eg då har vore heldig. Urinering overalt er populært.
- ein har vanskar med å finne skostørrelse over 41, som tilsvarar norsk str 39.
- når ein ikkje betalar bussen framme hos sjåføren, men hos vedkomande midt i bussen.
- når ein blir tatt "snikbileter" av heile tida og  når folk stiller seg opp ved sidan av deg for å posere for vennes kamera utan å spørje deg først.
- engelske skilt er ufrivillig morosame.
- damene går med lyse/kvite strømpebukser under kjolane, ikkje brun som i skandinavia.
- mennesker har "dansekurs" og trim midt på gata. Aerobic, pardans, sikkert alt mulig. På tilsynelatane tilfeldige plassar.
- dei fleste markeda er innandørs
- dørene til kjøpesenter/marknadar er mørke tunge ull"dører" som heng ned. Slik som plaststrimlane i kjøledisken heime, berre mykje breidare.
- dei et absolutt alt mulig som kryp og går. Små boder med div grillspyd er vanleg.

Og sikkert mykje meir. Følg med om Karoline postar eit liknande innlegg. Ho har sikkert fått med seg meir artige ting.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar