torsdag 8. november 2012

Nesten Kina: Hong Kong, engelskmenn og hestar.

Xin chao, Hong Kong!
Nei, vent. Det var vietnamesisk.
Nǐ hǎo!


Eg har no vore nokre timar i Hong Kong, og denne gongen utanfor flyplassen.
Etter å ha valsa litt rundt på flyplassen satt vi omsider på ein buss i retning hostellet vårt.
Vi var stuptrøtte etter å ha sittet trangt på flyet og sett med misunnelige blikk på griseheldige asiatiske menn med 4 ledige seter å strekke seg ut over. Og magen krangla både med den kinesiske flymaten og livmora som vi kvinner regelmessig blir torturert av. Likevel var stemninga ganske så god, når eg og Karoline valsa uskjerpa rundtom for å finne fram til eit hostell vi ikkje ante kvar var.

Etter si stund fann vi gata, og tilsynelatande adressa. Men der var ingenting som antyda at dette var noko hostell! Ikkje som vi såg iallefall, då vi ikkje såg ein einaste latinsk bokstav.
Nokre minutt seinare stod vi i ein trang oppgang av eit leilighetskompleks og ringte på dører til villt framande som ikkje ville opne. Med flaks fann eg noko som likna ein resepsjon i ein random etasje, og til trass for at vi ikkje snakka felles språk eit sekund (ho prøvde, men eg vart meir forvirra kvar gong ho uttalte engelske ord og snakka om heilt andre ting enn kva som var relevant) fekk vi etter mykje om og men nøkkel til ei leilighet og passord til ytterdøra. Hurra!
Dette er ikkje Vietnam og boligen kan ikkje samanliknast med hotellet der vi vart behandla som kongelige, men etter ein iskald dusj, litt ibuprofen og 10min søvn var ikkje livet så verst lenger.



Ved godt mot gjekk eg og Karoline ut på oppdagelsesferd. Og vi oppdaga fort at Hong Kong er Asia, men noko heilt anna enn Vienam! Butikknavna var så fancy at eg aldri har høyrt om dei, og prisane var dyrane enn mine norske luksusvaner. Det billigaste vi kom over var kanskje Adidas og Replay.

Etter å ha gått enda lenger vekk ifrå hostellet vårt kom vi til slutt til litt trangare gater med mindre og fleire butikkar, fleire folk og meir kjensle av kaos. Og då følde eg meg pluselig meir heime! Litt snodig for å vere europear kanskje, men eg kjende meg alstå meir heime i desse asiatiske kaosgatene enn i dei rolige sossegatene. Det vart derimot ikkje så mykje shopping på oss. Hong Kong er ganske dyrt eigentleg! Mykje dyrare enn Kina (Hong Kong er visst ikkje ein del av Kina i følge folk her), så trur det blir mest opplevingar og lite shopping her. Men eg gledar meg til å besøke andre (og billigare?) delar av HK. Marknadar og slikt. Det blir stas.










Etter litt vandring skulle vi slappe av på hostellet, men vi klarte ikkje takke nei då Mark frå komplekset vårt inviterte oss med på Horse Race saman med han og ein kompis. Dette er tydeligvis den beste måten å tilbringe onsdagen i Hong Kong. Kvelden bestod av mykje øl og lite hestar, men det heile var superartig. Vi blei kjend med mange frå England som har "opplevelsesår" og reiser rundtom i verda, og koste oss heile kvelden.
Etter å ha vandra rundtom i Hong Kong utan kart og retningssans, på jakt etter offentleg toalett og vegen heim, klarte vi å praire ein taxi som faktisk visste akkurat kor vi skulle og køyrde oss dit for hyggelig lite pengar.




















No må vi berre prøve å halde oss våkne nokre timar til, slik at vi får Marte og Lene trygt på plass. Dei landar her i HK ganske snart..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar