No sitt eg på flyplassen i Hong Kong, ved gaten. Flyet går om 45min, og eg sit her aleine. Eller, her er mange framande, men ingen av mitt reisefølge. Er ikkje like lett å finne kvarandre igjen på ein 8 etasjers flyplass i Asia utan mobiltelefonar! Men eg håpar dei har vet til å finne gaten før avgang, så vi får gjenforeinast her.
Siste dagen vart brukt på å oppdatere meg på saker og ting på internett, laste ned litt nye sangar, skrive alt for lite på oppgåva og sende heim den godt oppfyllte "Bourke-og-Vietnam-sekken". Skjønnar ikkje korleis eg har enda opp med så mykje bagasje?! Men majoriteten av innhaldet eg har sendt heim er presangar, som plutselig ikkje blir så rimelige likevel når eg må betale så mykje for å få dei hem før jul... Også mesteparten av sommarkleda mine da. No er det 4 veker med haust og vinter som stå for tur, før ei lita veke med sommar igjen heilt på slutten.
Eg var ikkje så begeistra for Hong Kong til byrja med, men etter å ha opplevd litt meir enn berre sentrum og skyskraparar var ikkje plassen så verst likevel.
No gler eg meg til å reise til ekte Kina. Chengdu, pandaar, Beijing, kulde, den kinesiske mur og sightseeing. Trange smågater, hyggelige kinadamer og kinamenn, mykje rar mat og mykje artige ting på agendaen slik at eg slepp å sakne Tor så innmari som eg har gjort dei siste dagane.
No kom dei tre andre, og no går vi om bord på flyet!
Snakkast i Kina, om eg kjem meg gjennom blokkeringane deira og inn på bloggen og facebook da.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar