tirsdag 20. november 2012

Beijing. Den forbudte by og mentalt marknad

Neste dag var vi komne til fredag i følge matta i heisen. Utruleg deilig å leve livet i sus og dus, og ikkje ein gong ane kva vekedag det er. Mandag? Torsdag? Laurdag? Hakje peiling! Kose oss skal vi uansett.


Vi bestemte oss for å reise å sjå "den forbudte by". Eller "Palace of Muesum" som det no heiter.

På veg dit såg eg mange fine syklar å ta bilete av. Her i Kina sykla svær mange. Og fleire har scooterar. Men mange har bil, så det er ikkje scooter-texas som i Vietnam. Det som eg derimot vil seie karakteriserar Kina er desse bittesmå syklane, med trøder og med "påhengsmotor". Så kan du velge om du vil bruke din eigen energi eller ikkje.























Så var vi framme ved den forbudte by, og vart liiitt sjokka når vi såg køane foran billettlukene..



Men inn kom vi, og der valsa vi litt rundt. Vi spleisa på ein "elektronisk guide" som Karline tok ansvar for å oversette til oss andre. Det var veldig fint og flott. Men eg må innrømme at eg eigentleg syns alle bygningane såg like ut. Og eg delte ikkje kineserane si store begeistring for furutre.
Eg må også påstå at denne dagen forandra synet mitt på kineserane. Dei som før var søte og små, og hyggelige, vart no bratande småfolk utan folkeskikk. Her var det berre å presse seg fram, og snike i køen dersom du får sjangsen! Det merka eg spesielt i kø for offentlige toalett, og først dagen etterpå såg eg kva system dei brukar. Etter boka skal ein stille seg i individuelle køar foran spesifikke toalett, ikkje i ein felleskø slik at den første personen er garantert det første ledige toalettet. Men dagen i den forbudte by var uansett spesiell og hadde lite innputt av folkeskikk.

 Ein tropp kom marsjerande forbi.,







Ta på treet for å få hell og lykke i kjærleiken. Momentant og ikkje gjennomtenkt sitat frå meg: "Nei, ditta kan ikkje eg vere borti, då kjem eg til å sprekke av lykke.."












Etter ei stund satte vi oss ned på ein liten "tea house" der eg atter ein gong bestilte ein te eg ikkje ante kva var. Eg spurte dama hvilken av dei fire øverst ho ville anbefale, og trur eg tok den som heitte "Long Jing". Der var også ulike teboksar ein kunne kjøpe, og eg fann ein som var veldig fin, typisk kinesisk og av dei billigaste (men ikkje billige). Kaching! Så får vi sjå til jul om teen er god.














 
Seinare på kvelden gjekk vi ut for å ete, på den same vesle restauranten som dagen før. Dei lokale var ganske høglytte denne dagen, men maten var god. Eg prøvde den typsik kinesiske "Gong Bao chicken" og var veldig glad for at dagens servitør snakka engelsk så eg kunne bestille "non-spicy", for den vart uansett sterk nok. Det er visst ein svært spicy rett i utgangspunktet.

Siste dagen vår i Beijing reiste vi til Beijing Zoo Market. Navnet kjem av at den ligg nærme dyrehagen, men eg er no ikkje heilt sikker på kva side av gjerdet dyrehagen faktisk var på. Det var texas.
For det første tok vi ein buss som resepsjonisten sa vi skulle ta, og endte opp med kråkereiret og lenger unna zooen enn vi var i første omgang. Etter ein taxitur kom vi til dyrehagen, men visste ikkje kor marknaden var. Bejing Zoo Marked er visst 11 ulike marked, og vi visste ikkje kvar. Men vi fann nokre av dei likevel, berre ikkje spør kva for nokon.

Marked blir litt feil skildring på norsk. Det er kjøpesenter, berre at butikkane er bitte små, og det ikkje butikkar men rom der ein lempar alle varene sine.
Dei solgte alt mulig. Men hovudsakleg var det snodige kle, så vart ikkje noko storshopping på nokon av oss. Eg fann mange kjempefine parkas/høstjakker, men alle hadde pelskrage og var dermed uaktuelle. Vi kunne også kjøpe tightsar og joggebukser med 1cm tjukt ullfor inni. Det er viktig å gå med tights og skjørt/shorts på vinteren også! Berre synd alle rakk meg midt på ankelen. Då var poenget litt vekke.



Seinare åt vi mat på ein liten hjørnekafe som serverte ikkje akkurat kinesisk mat, og når resten gjekk tilbake til hotellet valsa eg meg bort på ein "tea house" eg hadde skimta i forbifarta på veg heim frå marknad.


Skal det vere eit par sko? Ikkje det? Litt kinakål da?!

Og er er så glad for at eg gjekk bort dit! Akkurat idet eg kom inn kom også ein eldre mann i grøn kommunistdrakt. Og ei søt lita dame vinka meg inn. Ho viste meg mange ulike tear som eg fekk lukte på, og etter kvart ba ho meg sette meg ned så eg fekk smake. Ho kokte, tømte, trekte og styrte som berre det, og eg fekk smake eg veit ikkje kor mange ulike typar te. Mellom 5-10 ulike typar. Samtidig hadde ho to små gutar der, eine så liten at han knapt klarte å stå, og mannen kom innom av og til, og tok med seg ungen når han skulle sove osv. Ei god stund seinare gjekk eg ut derifrå med 5 små boksar ulik te og ei autentisk kinesisk oppleving rikare. Eg ville gjerne ha teen i ulike boksar, men fann ut at det blei for mykje kav med vår gode engelskkommunikasjon. På flyplassen neste dag såg eg at eg hadde gjort eit kupp prismessig.


Resten av kvelden skulle vi eigentlig gripe, men endte opp med å sitte foran pc'en for å prøve å fikse tog/buss/etc rudtom i Japan. Mareritt prismessig å finne gode alternativ når vi tydeligvis skulle bestillt togpasset vårt før vi reiste frå Noreg. Men, det ordna seg greit til slutt..

Grisetidlig neste morgon reiste vi til JAPAN!


Og slik ser eg for det meste ut om dagane:

2 kommentarer: