lørdag 10. november 2012

Hong Kong Island og Kowloon

Etter to dagar med sightseeing i butikkar har eg innsett at Hong Kong er fullt av skyskraparar, butikkar frå heile verda, resaurantar frå heile verda og mennesker frå heile verda.
Greitt nuk det. Men eg er ikkje heilt forelska. Hong Kong er liksom ikkje noko eget. Byen kunne ligget i hvilken som helst verdsdel.
Butikkar som Gucci, Chanel, Luis Vouiton, Burberry, Prada, og alt du kan forestille deg, men som eg ikkje anar kva er, pregar byen. Og eg ofrar ikkje butikkane eit augekast eingong. Totalt uinterresert. Sikkert himmelsk for kvinner med rike fedrer og ektemenn, men aboslutt ikkje min stil.

I matvarebutikken er her jammen mykje rart!
40% av varene er importert frå Australia, Amerika og Europa, og er veldig kjende. Resten er så mykje rart og uidentifiserbart. Lukta inne på supermarkedet er så vemmelig at abosolutt ingenting fristar. Ingen storshopping her, nei. I dag fann eg ut at frukta "durian" er ein av syndarane. Durian stinkar!

Sjå for deg noko du absolutt ikkje kunne tenke deg å ete, og du finn det garantert i butikkhyllene her. Hyllene er fulle av ting eg ikkje ein gong visste eksisterte. Og eg syns det er litt fascinerande. Men saman med mathistorier frå andre på hostellet er det skremmande. Du anar ikkje kva du får servert, og bestiller du kylling er det ikkje kyllingfilet. Dei hakkar opp 100% av kyllingen - haud, bein og innvollar er sjølvsagt med. Også får du såklart servert slange, frosk, tarantell, biller, gresshopper, hundesnute, katt, sneglar, maur og generelt alt av kryp. Og alt av kroppsdelar! Menyane står ikkje på engelsk, så du anar aldri kva du et. Vel, sistnevnte gjeld ikkje i Hong Kong. Og dette utnyttar vi medan vi er her! På turen vidare slepp vi ikkje unna ekte tradisjonell kinesisk mat, så vi et ganske urbant no medan vi kan.

Fare for å høes litt negativ ut her. Det var ikkje meininga!

Vi har vore litt rundtom på sightseeing på Hong Kong Island, som forøvrig også er der vi bur.
Vi såg mange høge bygningar, nokre små koselige smågater, tok Peak Tram opp til eit fjell for å sjå skodda og forureininga over byen, var inne i eit taoistisk tempel som oste av røkelse, åt god mat og drakk god drikke på Hard Rock Cafe og fekk såvidt eit glimt av byens beste festgate før vi tok kveld.





Dagen etterpå reiste vi over til Kowloon, som er fastlandet. Der såg vi meir av det samme som på Hong Kong Island, berre at gatane var stappfulle av folk, og skilt. Og generelt fekk eg meir sentrumsfølelse.
Vi fann "Ladies Market" der dei hadde ting dei bruka å ha på marknad, så vi fekk unnagjort den første shoppinga i HK. Atter ein gong har eg ikkje kjøpt noko til meg sjølv, kun gåver til folk eg er glad i. Og så gjekk vi kjedelig rakst forbi Temple Street Night Market og nokre andre marknadar for å nå bussen. Og eg var overraska over at 1/7 av bodene på det eine markedet var fulle av leiketøy og undertøy for voksne. Litt ukomfortabelt. Men ellers var marknad kjekt - som alltid!
Etter å ha sittet og venta på bussen evig lenge kjørte den rett forbi oss. Men det godtok vi ikkje, så vi sprang etter og hoppa på den idet den stoppa for raudt lys. Flaks at her er mange trafikklys. Galne nordmenn!



Nede ved havna fekk vi glimt av "lysshowet" som er her kvar kveld. Og såg alle "god jul" belysningane som er komt opp på bygningane. Eg er ikkje klar for jul no!

Dette var også dagen der eg sterkt mislikte alle kjærestepara rundtom i byen. Er ikkje alltid kjekt å sjå folk kose seg ilag når mitt eige lykketroll er såå langt unna. Blir litt misunnelig..
Derimot går det heilt fint å sjå par på 50-70 år, som reiser ilag, er ilag, opplever ilag og kosar seg ilag. Det smeltar hjartet mitt litt.. Og gjev meg håp, lykke..

Morgonen etter stod eg og Karoline "tidlig" opp for å reise til sørsida av Hong Kong Island. Det var deilig! Komme seg litt vekk frå sentrum med tjukt skoddelag og ut i "frisk" luft. Plutselig vart ikkje lenger sola blokkert av forureinsing, og dei 30*C vi har hatt kvar dag her i HK merkast plutselig på kroppen. Skuldrane mine er bevis.... Vi stoppa såvidt på Repulse Bay, og ville eigentleg også gjerne stoppe ved Stanley der ein finn eit stort kjend marked. Men lovlydige som vi er tok vi oss ikkje tida til dette, så bussbilletten ikkje gjekk ut før vi kom tilbake til sentrum. Vi stoppa derimot i Aberdeen og var med på ein Sampan tur. Då kom vi også i snakk med ein hyggelig eldre mann frå London. Mange hyggelige mennesker her i verda, og eg syns det er så kjekt å bli kjend med og prate med så mange ulike menneske, sjølv om eg veit eg aldri kjem til å sjå dei igjen. Som for eksempel dei tre andre karane som har budd på hostellet her, frå England og USA. Høre korleis dei har reist rundt, kva erfaringar dei har, få nye impulsar og ja - eg syns det er kjempekjekt. Nesten synd vi ikkje skal bu på hostell alle nettene i Asia. Men kan nuk bli mykje av det gode også..



Forresten. Her i Asia har dei fleste jentene svart hår, men det vil dei ikkje ha...


Og dei har gul/brun/anelse mørk hud. Det vil dei heller ikkje ha...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar