søndag 4. november 2012

Siste dagane i Ha Noi

Dagen før vi reiste til Sa Pa var det full rulle. Vi sjekka ut av hotellet kl.9 og reiste på sight seeing.

Ho Chi Minh Complex.
Uheldigvis var mausoleumet stengt, men vi fekk sjå resten.






Ser du paret som dansar??

The Temple of Litterature









Lunsj på ein svær restaurant. Utafor var det stille, rolig og vakkert. Inne var det støy, mennesker og kaos. Og buffeen var 6x så stor som den på Hotel Alexandra.



Museum of Ethnology.







Water Puppet Show.




Dagen vi kom tilbake frå Sapa var det 8t til vi kunne sjekke inn på hotellet (med unntak av nokre få heldiggrisar). Så vi satt ei stund i lobbyen og halvsov foran kvar sin pc, før vi reiste til eit buddhistisk tempel og Van Phúc Silk Village og shoppa enda meir.





















Tilbake og innsjekka på hotellet trur eg samtlige gjekk for dusj og powernap i tilfeldig rekkefølge.
Resten av kvelden brukte vi på å bestille fly og hotell i India og Thailand, samt bestille pizza som room-service og for første gong i Vietnam - skru på tv'en.


Sminke? Kan ikkje hugse sist eg brukte sminke. Det er ikkje kvardags lenger, iallefall!

Neste dag var siste dag i Vietnam. Pakking og veging av bagasje, rekning og vurdering av å sende enda ein pakke heim eller vente til HK var morgonen før avskjedslunsj med FTU.
Vi åt god mat, prata og fekk kvart vårt bilete i gåve frå Universitetet.
Læraren vår Stephen delte ut roser og ei flaske vin (som vi to sprang ut for å kjøpe 2min etter planlagd avreise frå hotellet). Og han ville at ein av oss studentane skulle seie nokre ord. Det var det sjølvsagt ingen som ville, så det endte med at eg troppa opp. Eg overlevde. Ja, også sang vi til dei. Alle Fugler og Per Spelmann. Stor Stas. Eg har bileter, men ikkje på dataen diverre.

Ettermiddagen slappa eg atter ein gong av på hotellet medan alle andre var på postkonoret for å sende heim overflødig bagasje. Eg kunne gått ute og shoppa, men både eg, bankkortet, den stappfulle sekken og bagasjevekta meinar det er best å la vere.

Dessutan har kroppen min dei siste dagane gitt klart signal om at det har vore høgt tempo i Vietnam. Så fort eg fekk ein roleg kveld, våkna eg forkjøla neste dag. For slik er det kroppen fungerar!

På kvelden gjekk alle untatt to sjuke ut for å ete middag ilag. Eg drakk ingefær-te, appelsinuice, åt masse frukt osv for å booste immunsystemet og lindre halsen medan dei fleste andre hadde større fat og færre glass enn meg. Deretter gjekk turen over til ein klubb, der vi hadde litt knapt med tid til å utføre ein quiz før kveldens live-program starta. Quizen var laga av vår kjære lærar Stephen, som tidligare jobba ved HiVolda og kom til Vietnam for å oppleve landet ilag med oss. Superkoselig lærar! Og veit du ka? Mitt lag vann quizen! Det hadde eg aldri forventa, men vi har visst fått med oss litt info om Vietnam via forelesningane og guide-turane. Eg eig ikkje konkurranseinstinkt, men eg må innrømme at eg syns det er morosamt å vinne over andre personar som absolutt skal vinne, eller forventar å vinne. Seier til trass, tok eg og forkjølelsen tidlegare kveld enn mange andre.

Fredags morgon reiste vi frå Vietnam, og nesten eit døgn seinare var vi tilbake i Brisbane. Flytur i timesvis med forkjølelse er ganske smertefullt, så heile laurdagen i Australia vart tilbrakt under pledd og dyner, med varm te, lommetørkler, halsdrops, smertestillande og konstant topp i øyrene. Bortsett frå når eg ladge og åt taco da, det var godt.









Takk for no, Vietnam!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar