onsdag 21. november 2012

Kyoto snik seg inn i hjarterota

Ah, I like Kyoto..

Etter flytur til Tokyo satt vi mange timar som fauk forbi på flyplassen og utnytta oss av gratis wifi. Timane fauk fordi vi ikkje har hatt tilgong til facebook, blogg osv på over ei veke, så eg brukte tida på å publisere alle innlegga på Chengdu. Beijing fiksa eg frå felleskjøkkenet i Kyoto dagen etter.

Natta tilbrakte vi på ein ganske så luksuriøs buss. Girls only. Beaute. Fekk sove litt meir her enn på nattbussen heime, for å seie det slik!


Framme i Kyoto fann vi med tid og stund både busstasjonen, ein buss som gjekk dit vi ville, kart og til slutt hostelet. Takk til hyggelige japanserar som har litt engelskkunskapar.
Etter å ha sovet vekk alt for mange timar på hostellet drog vi ut for å utforske litt av byen Carina har så store forventningar til. Litt googling seinare fann eg ut at vi skulle dra opp til Kiyomizu-dera Temple. Eit av dei vakraste, med utsikt over byen, og også eit av dei næraste. Der naut vi vakre haustfargar og idyll.

























På veg opp til tempelet passerte vi mange små butikkar, og eg kjende at eg virkelig likar Kyoto. Atmosfæren er så god! Her er så koselig! Og mykje mykje roligare enn i Kina. Det går faktisk an å vere meir enn 20 personar i eit rom/område her i Japan utan å svi i øyrene. Og menneska glor ikkje. Dei smiler, nikkar, og seier "arigato" som betyr "takk" 10-15 gongar dersom du kjøper noko av dei. Japanske unge jenter er vakre, og japanske eldre kvinner er søte og herlige. I butikkane finn eg mykje det samme som i Kina, men alt er så mykje vakrare, Og dyrare.











Og utanfor alle restaurantane har dei plastversjonar av maten..


Trur ei lita Niese hadde likt seg godt her! Mykje krims krams. Skrekkelig dyrt krims krams.


 Noko godt bakverk (spesielt krydra) med vaniljefyll og softis. Namnam.


 Fiskekake med potet. Fakta!


 Softis? Mange ulike smakar å velje mellom...

 Rar bollesak. Ikkje kinesisk dumplings, men noko japansk rart noko. Passe godt.


Og hostellet vårt har også god atmosfære. Vi søv 6 jenter på eit rom, toaletta er knøttsmå og vi må ned i 1.etasje for å dusje i trange dusjar eller finne vask med speil, og kun kaldevatn. Men det gjer overhodet ingenting. Ikkje i mine auger iallefall. Eigaren er ein rolig hyggelig (zen?)buddhist, servicen er upåklagelig, her er reint og fint, det heng bileter overalt, folk rundt meg er hyggelige og vi befinn oss svært sentralt.

Eg kjenner eg har lyst å vere her lenger. At eg ikkje skal bruke dagane her på å skrive oppgåve. Det kan eg gjere i Tokyo. Eg har ikkje like høge forventningar til Tokyo, skyskraparbyen. Sjølv om det vi såg av den på mandag virkar rolig, stilreint og hyggeleg. Japansk, men urbant. Litt som Hong Kong kanskje, berre ikkje like kaotisk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar