torsdag 29. november 2012

Du veit du er i Japan når.. (del 2)


- når alle syklane har korg framme. Det er jo trass alt transportmetoden, så bagasjeplass må ein ha anten ein er mann eller dame.
- støttene på syklane ikkje er pinne på sida, men bøyle under bakhjulet.
- barnesete på syklane er framme ved styret. Evt både framme og bak på sykkelen dersom du har to ungar.
- alle menn går rundt med dress. Overalt. Til og med i Disney World.
- alle kassadamer pratar høgt og jamt. Eg trur dei seier " rundstykke og kaffi. Det blir 450 + 250 yan. Det blir 700 yen. Takk skal du ha. No fikk eg 1.000 yen med deg. Då skal du ha tilbake 300 yan med meg. 1-2-3 hundrede yan. Versågod. Takk skal du ha. Ha ein fin dag. Ha det godt" eller noko i den dur. Eg veit jo ikkje. Men det er konstant rolig summing når du skal betale noko vertfall.
Sikkert betryggande og bekreftande at du ikkje blir svindla. For dei som forstår kva dei seier da.
- Når du får tilbake alle sedlane først, og får tid til å legge dei frå deg i lommeboka medan kassadama tel opp myntane du skal ha tilbake. Også gjer dei deg ikkje varene før du har fått pakka vekk lommeboka. Ingen sjonglering av myntar og sedlar og varer i henda her på veg vekk frå kassa, slik som heime i Noreg.
- Når du går rundt og smiler og seier "arigato" (takk) og nikkar heile tida, for å prøve å vere ein brøkdel så høflig som alle du møter på.
- Når alle ansatte i ein butikk, alle trafikkvakter osv seier "arigato", "ademas"(??) og mykje anna du ikkje skjønnar bæret av idet du passerar. Men dei smiler og ser hyggelige og høflige ut. Så du gjer som nevnt ovafor, smiler og seier "arigato" dersom det passar seg.
- alle babyar har supersøte bamsekler og generelt er så nydelige at eg nesten vil kidnappe dei med meg heim. Eg skal ikkje det, altså. Eg lovar.
- alle går runt med veske. Handveske. Både kvinner og menn. Heilt sant.

Skal snart blogge om Hiroshima, Osaka, Himeji og Tokyo også. Må berre gjere ferdig oppgåva mi og få litt tid til overs først. Altså, eg bloggar truleg så snart eg får internett igjen etter den superlange reisa eg begynner på imåra. Turen går til India! Med ei heftig mellomlanding.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar