mandag 16. juli 2012

Asiaplanen

For å lese meir om det faste opplegget i Australia og Vietnam, samt planane for Japan kan du lese dette innlegget. Og for å sjå kva eg har lyst å få med meg i løpet av vekene i Australia kan du trykke her. Dette har eg nemlig delt med dåkke tidlegare.

No vil eg derimot dele litt meir av kva som er planen for rundreisa i Asia i november og desember.
Hittill har vi hatt omlag 15 ulike reiseruter og planar, men den vi har no trur eg er ganske lik slik det faktisk blir. Med mindre Kilroy eller skulen stikk enda fleire kjeppar i hjula.

Omlag 12.nov reiser vi frå Brisbane til Hong Kong. Kanskje tek vi turen innom Disney World ein av dagane?







Etter eit par dagar der flyr vi vidare til Chengdu, der vi skal til Woolong Panda Reserve og klemme på levande kosebamsar.


Kinaturen avsluttast i Beijing der vi blant anna skal gå på den kinesiske mur og det truleg blir mykje sightseeing.


Vidare reiser vi til Japan, der vi skal til Tokyo, Mount Fuji, Kyoto og Hiroshima. Som nemnt i innlegget over.


1.desember er tida inne for India. Nord i landet skal vi besøke ein nasjonalpark, kor eg blant anna har store forventningar til å kunne ri på elefant, type elefantsafari, sjå tigrar, giraffar og alle mulige andre skapningar ute i det fri.


Vi skal også besøke Taj Mahal og andre turistattraksjonar før vi reiser lenger sør i landet til Goa. Der blir det hovudsakleg og teste kvaliteten på strandlivet i India, midt i mellom alle kyrne.


Heilt til slutt har vi ei veke i Thailand. Etter eia dag eller to i myldrande Bangkok reiser vi litt sørover til Hua Hin og nyter dei aller siste dagane av turen vår på ei av verdas nydeligste strender.




Det skal ognå nemnast at vi har vore innom tanken på landa Nepal, Kambodsja, Indonesia, Fillippinene, Fiji og sikkert også andre. Diverre har vi ikkje tid til alt!

Turen heimover er ikkje heilt i boks enda, men det blir nuk ein langvarig prosess frå Bangkok til Hong Kong og deretter heim med Kilroy frå HK til Oslo via Kven Veit? Eigentleg fristar det litt å droppe billetten heim frå HK som vi har frå Kilroy (som vi ikkje får lov å avbestille) og berre reise direkte frå Bangkok i og med at Kilroy-flyreisa truleg blir ca 20t lenger med mange mellomlandingar. Vi får sjå kva vi gjer.
Er vi heldige finn vi også eit fly som korresponderar med Widerøe frå Oslo og heilt heim. Tanken på 8t buss er drepen for rastlausheita, trøttleiken og saknet etter Tor som eg veit kjem til å eskalere i løpet av heimreisa.
Vi reknar med å vere heime igjen rundt den 18.des.

Tenk hadde alle døgna eg kjem til å tilbringe på fly vore så behagelige!

Eg trur vi blir å bestille alle flybillettar før vi reiser frå Australia. Kanskje også dei fleste hotell/buplassane. Men kva vi skal gjere dei ulike dagane på dei ulike stadane, og korleis vi kjem oss og hit og dit, tenker eg at vi avgjer der og då når vi ser kva vi har lyst til. Sjølv om vi allereie har eit par ting vi veit vi absolutt vil få med oss.

Har du besøkt nokon av landa/byane/områda vi skal besøke? Kom gjerne med tips!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar