tirsdag 21. august 2012

Ett fel närmare rätt

Neida. Vi har ikkje gjort så mykje feil. Eg berre er blitt stor fan av Den Svenska Björnstamman sidan Malakoff og konsert på Rokken. Men vi har komt nokre steg nærare.

Vi er nettopp ferdige med ein stor prosess med å få oppklart siste dato for undervisning, endring av flyreisa heim med Kilroy, og søke om visum til Kina. Og heile denne prosessen har gitt meg så mange grå hår at eg ikkje orkar å skrive særleg om det ein gong.
Eg vil anbefale alle som skal søke visum om å vere tidleg ute! Men ikkje for tidleg ute, sidan visumet kun er gyldig i 3mnd (problem for vår del). Uheldigvis måtte alt skje i siste liten for oss pga mykje kluss med andre instansar. Menmen! Søknaden er sendt av garde, så no er det berre å krysse fingrane for at den blir godkjent og at passet og visumet kjem heim til Nordfjord før avreise!


Visumsøknaden tvinga oss til å booke alle fly til, frå og i Kina og dermed planlegge heile Kinareisa, så no begynner ting å falle på plass.
Er berre å vente på gjeldsbrevet og pengane frå lånekassa, så kan vi bestille litt fleire flyreiser, betale fakturaen til skulen og slikt.

Ellers har eg no vore to av fem dagar i Volda for intro-veka med forelesningar og div opplegg. Og eg stressar litt med kva eg vil skrive om i den store oppgåva. Har mange ting eg kunne tenke meg å skrive om (og emna er ulike som natt og dag), men har ikkje funnet noko eg verkeleg brenn for, og føler at eg kan skrive 8.000 ord om. Vanskeleg! Tips?

Er berre 12 dagar til avreise no! Og kun 6 dagar der eg ikkje er fullt opptatt. Hjelpes!
Gruar meg enormt til å pakke til denne reisa her! Og gruar meg litt til reisa på 40 timar. Og til å seie hadet til alle saman, ikkje minst. Men eg gledar meg også enormt til å komme fram til Australia og tilbringe vekesvis der. Håpar berre eg rekk ein del av tinga eg vil rundtom i landet, sjølv om studieplanen ikkje gjev oss mange muligheiter. Eg har innsett at eg ikkje rekk alt, langt der i frå! (Damn you, Kilroy, som stjal einaste friveka frå oss)





I dei siste stressande dagane før avreise no lengtar eg litt til avsluttinga i Thailand


Men det blir nuk bra og mindre stress når vi først kjem ned til Australia :)

Gjenstår:
  • Pakke!
  • Få lånet
  • Betale faktura frå Griffith University.
  • Bestemme meg for kva eg vil skrive om.
  • Laste ned musikk og filmar til reisa.
  • Bestille fly Japan-Delhi, Delhi-Goa, Goa-Bangkok, Bangkok-Oslo og Oslo-Ørsta.
  • Bestemme oss for opplegg i Nord-India.
  • Søke om visum til India.
  • Begynne å tenke på hotell i Kina, Japan, India og Thailand.
  • Finne ut kva Australia-turar eg vil prioritere, og datobestemme dei før det er for seint.
  • Glede seg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar