mandag 27. august 2012

Medisinering

Apoteket har tjent nokre kroner på meg den siste tida. Og eg kjende meg rett og slett som ein pillemisbrukar når eg samla ihop alle medikamenta eg skal ha med meg i kofferten.

Nokre pakkar med Malarone - tablettar mot Malaria, som eg skal ta før, under og etter opphaldet i Sør-India.

Ein lavdose antibiotikakur eg skal ta i mange veker pga hudproblem.

Idoform - melkesyrebakteriar for å balansere magen ved reiser og antibiotikakurar.

Imodium - i tilfelle eg blir dårleg i magen, i periodane eg ikkje tek idoform ellerdersom idoformen ikkje er tilstrekkelig i nokre land.

Postafen - reisesjuketablettar. Kjekt å ha når vi skal busse to dagar inn til Bourke, og to dagar tilbake til Brisbane. Samt buss og togreiser i Kina, Japan, India og Thailand.

Ibux - kjekt å ha på lur.

Ellers skal eg vere vaksinert for Hepatitt A, samt polio, difteri og stivkrampe.


Ellers har eg også drivet med sjølvmedisinering dei siste dagane og unna meg to herlige på kort tid:



 Namnam! <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar