tirsdag 4. september 2012

Hilsen frå Hong Kong

Hei hå!

No sit vi fire jenter henslengte på nokre avsidesliggande benkar på flyplassen i Hong Kong. I følge skilta er her over 500 gate'ar, men vi anar ikkje kva retning vi skal bevege oss i sidan flyet vårt ikkje går før om 6 timar og dermed ikkje er komt opp på tavlene her. Då satt vi oss like gjerne ned og surfa litt!
To etasjar! Mhm ^^

I følge Kina er klokka 8 om morgonen. Men heime i Norge er klokka 2 om natta. Eg for min del anar ikkje kva tidssone eg er i. Ikkje sov eg noko på nattbussen til oslo, og ikkje har eg duppa av mange sekund på flya til London og Hong Kong heller. Så for min del er det rett og slett berre leggetid. Augo er ganske smale, og eg gledar meg til å sove på neste fly (moahaha) og på hotell i Brisbane i morgon/kveld, alt etter som.

 Ein del av reisefølget.

Eg var ganske forkjøla før avreise, og turen på 12t frå London til Hong Kong gjorde ikkje saken betre. Hud, lepper og ikkje minst halsen merka godt at lufta oppe på fleire tusen meter er svært tørr. Til tross for høgt forbruk av lypsyl, vatn og halsdrops er eg no hås som ei gås og var så godt som stemmelaus ei periode. Hihi. Blir spennande å sjå resultatet av neste flytur, på nesten 9t.

Men flyturen gjekk eigentleg overraskandes bra. Store fly (eg sat på rad 63, sete K) med tv-skjerm og dermed mange filmar, tv-seriar, spel, musikk og anna underhaldning, samt fleie måltid og lange strekningar å spankulere fram og tilbake på. Og straumuttak så ein kan lade opp pc, mp3 osv. Tida gjekk fort. Eg kan iallefall seie det no i ettertid når eg har frihet til å spankulere på ein heil flyplass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar