mandag 17. september 2012

Fotografikurs, Back O'Bourke Exhibition Centre, guiding og skulebesøk.

 Når vi ankom Bourke kom vertsfamilien for å hilse på oss og plukke oss opp kort tid etterpå. Eg og Maria (ei som har studert språk og litteratur) skulle bu hos Sally og John, ei som va leiar for sjukehuset i Bourke og ein advokat. Dei budde i eit hus som tilhørte sjukehuset, som følgde med stillinga hennar. Men dei skal flytte om eit halvår. Truleg fordi ho skal pensjonere seg. Eg turde ikkje spør.

alle vinduer i Bourke er dekt med gitter pga den høge hærverk-kriminaliteten.

Før vi reiste heim til huset kjørte vi ein tur rundtom i Bourke og såg pretty much alt den lille townen har å tilby. Elva Darling River, demninga, billabongs, ei viktig bru, main street, aboriginerområdet, campingen, polet, båten jandra, flyplassen osv.

Her i Bourke er det visst slik at ein må ha bilnøkkel for å kjøpe alkohol. Fordi ein ikkje skal gå ut på gata og drikke og knuse flasker. Heilt sant. Ein skal heller ta med seg alkoholen inn i bilen og kjøre av garde. Ikkje heilt bra i mine auger, men så er det også slik at her i Australia tek ein seg gjerne ei kjøreøl eller to. Vår sjåfør tok seg ei øl til lunsjen før vi kjørte vidare, og det var visst heilt normalt.





Det første som møtte oss når vi kom til huset var ein stor flokk med små søte brune kaniner som hoppa av garde og gøymde seg under denne bunkeren her.


Og ein svært flokk av papegøye parakittar (?) av denne typen som flaug over oss.
Hadde ikkje kamera framme då, men fekk bilete av ein liten gjeng på plenen ein anna dag.


På kvelden åt vi ein god middag, før vi drakk te og prata for å bli kjende.
Noko av det første vi fekk høre var historia om slangen i toalettet, som eg nemde i forrige innlegg. Og så nevnde dei at naboen (som også er kollega med Sally) har ein stor kenguru som kjæledyr. Mora til kenguruen døde når den var liten, så dei har passa på den. Den har sin eigen sofa den søv på, den ser på tv og er visst heilt knall. Eg sa med ein gong at denne ville eg besøke om det var mogeleg, og det skulle ho prøve å ordne!

Mandag åt et nokre rare crumpets til frukost, og såg nokre papegøyer i et tre på veg til skulen. Altså, Bourke Shire Council Chambers. Der hadde vi to ulike foto-forelesingar med dei to lærarane vi hadde med frå Brisbane. Den eine vart litt for teknisk for min del, medan den andre var veldig kjekk og lærerik. Denne dagen fekk eg også nyss i at tre frå klassa vår budde hos nokon med kenguru-baby, så eg avtalte selvfølgelig å komme på besøk ein av dagane i veka.





Etter skulen reiste vi til Back O'Bourke Exhibition Centre. Der gjekk vi rundt og leika turistar i ein halvtimes tid før vi hjalp lærarane våre å henge opp ei utstilling. Arbeidet skulle vare max 2t. Vi var der lenger enn 4t. Eg var altså ganske lei, og skrubbsvolten, når vi endeleg fekk reise heim att.









Når vi var ferdige på senteret var det ein stor brann utafor. Og vi var nysgjerrige, bekymra og litt fasinerte heilt til vi fekk opplyst at det var ein «controlled fire». Altså set brannvesenet fyr på skogen før sommaren og varmen set inn for fullt og skogen antenner seg sjølv. Det ironiske er at desse ofte kjem ut av kontroll og skaper totalt kaos.


Vi skulle eigentleg på trening denne kvelden, men dette vart ikkje noko av sidan vi kom heim så seint og sidan Sally var blitt ganske forkjøla. Så då tok vi heller standard kveldsrutine med middag, te og film. Vi såg ein australsk film, Kenny, som handla om mobile toalett. Ja, den var heeilt fantastisk. Og til kvar middag fekk vi gresskar som ein av grønsakene. Er visst uhyre vanleg i Australia. Og godt også faktisk.

Tirsdag tok eg meg nokre brødskjever (innkjøpt kun til oss) til frukost, men strevde med å finne pålegg inne i kjøleskapet. 15 ulike typar sennepp var der, men ikkje noko som kunne brukast på skjeva. Eg fann noko peanøttsmør som gjekk ut på dato for eit halvt år sidan, og noko heimelaga jordbærsylte dei har fått i gave (sikkert i fjor). Husvertane mine som satt der med frukostblandingane sine lo av frukosten min for å seie det sånn.

På skulen fekk vi ein guida tur gjennom Bourke. Og såg mykje av det eg såg søndags kveld. Men i tillegg besøkte vi ein Lime Farm og plukka våre egne lime, vi såg mandrinfabrikk der dei sorterte og pakka mandariner og fekk smaksprøver her også, og vi besøkte ein bomullsfabrikk.





 masse bugs!



 svæær rotte!




 mykje bomull!

naturleg bommull-busk.





Etter ein BBQ lunsj reiste vi tre lærarstudentane til Bourke High School på besøk, medan resten av gruppa besøkte radio og avis.
På skulen kunne rektor fortelle at det var fleire slangar som budde ute i skulegården. Og at der var ein svær ein (type 1,5m lang og tjukk som ei appelsin) på skulegården i forrige veke som forsvann inn i veggen, og som han då «sperra inne» ved å tette igjen holet.
Og så hadde vi ein time på biblioteket der elevane kunne spørje oss studentane om alt mulig, og omvendt. Heilt uforberedt.




På ettermiddagen vandra eg og Karoline rundtom i sentrum. Det tok oss heile 17min å gå gjennom sentrum. Og då gjekk vi innom fleire butikkar også.
Så vi chilla litt i parken før bussen til Exhibition Centre gjekk.





 Dette loftet er hjemsøkt. Var motell før.

 Og ein spesiell kar er i tankane mine kvar dag <3

Papegøye!


Alle studentar og vertsfamiliar skulle på Exhibition Display og sjå på utstillinga denne kvelden. Sidan vi såg meir enn nuk av den kvelden før og eigentleg var ganske leide, sette vi studentane oss ilag og naut solnedgangen, open bar og litt tapas. Så vart kvelden plutseleg kjekkare enn først antatt. Litt pinleg var det derimot når eg etterpå skulle ut med vertsfamilien og ete kinamat, den sterkaste schezuanen eg nokon sinne har smak forresten. Heldigvis hadde John drukket meir enn meg, og heldt fram med å drikke vin på restauranten. Vel heime såg vi atter ein australsk film. Truleg betre enn den frå kvelden før, men etter at Sally sovna på sofaen sneik eg meg vekk for å pakke sekken til camping dagen etter, og dusje og stelle meg til natta.



Eg holdt forresten på å fryse ihel om nettene i Bourke. Det var så utruleg kaldt i dette huset! Eg gjekk med bukse, tjukk fleecegenser, ullsokkar ++ og fraus! Kvar morgon og kveld. Og om nettene var nasa mi (som var det einaste som stakk utfor pleddet) kald som snø. Om nettene var det 2-7*C ute. Og dei hadde ytterdørene opne fram til kl.23 om kvelden, og opna dei igjen kl.07 om morgonen. Eg gjekk å lata dei igjen i skjul. Brrr!
Heldigvis tina eg opp at utpå dagane når sola skein på meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar