søndag 16. september 2012

Turen til Bourke!

Før klokka viste 05 om morgonen i Brisbane stod fire jenter i leiligheta på River City Apartements, nokre meir klar enn andre for å gå i ein halvtime til campus med stor koffert, tung sekk og liten handbagasjesekk. Der plasserte vi koffert på eit kontor på skulen, sekk i den vesle hengaren og oss sjølve i eit sete i minibussen. Vi var klare for avreise!



I 6-7 timar satt vi i bussen og kikka ut vindua i desperat jakt etter koalaar og kenguruar. Nokre med musikk på øret, andre med nasa i bøker. Eg sjølv sat å kika ut nesten kontinuerleg. Eg skulle nemlig sjå korleis landskapet forandra seg, og eg skulle gjerne spotte ein kenguru eller tre.




Undrvegs såg vi koalaskilt. Dette var berre når vi kjørte over «The great dividing range» som er einaste «fjellkjeda» i australia. Vidare på turen var det ingen håp for å sjå koala, berre kenguruar. Det skal nemnast at vi ikkje såg nokre av delane. Einaste vi såg var daude kenguruar i veggrøftene. Kenguru er visst ytterst vanlige roadkill.


 regnskog.

Skilt der det stod «Grey nomads welcome» og andre skremselspropaganda. «Rest before you rest in peace», «Seen anyone drive into a tree? Call xxx» og «No one who smokes breathe easily» i bøttevis og utallige variantar.

Langs vegen var der andre «avstikkar-vegar» som gjekk i km-vis innover landskapet, inn til ulike gardar. Med gjerder og skilt med navnet på garden ved vegen. Her er det ikkje snakk om å ha 30 kyr på nokre mål med gras. Her er det snakk om beitemarker som strekk seg fleire mil i alle retningar! Enorme storleikar.


Og vegane er ikkje krokete som i Norge. Her kan ein kjøre fleire minutt utan å snu på rattet.


Langs vegen møtte vi også mange skilt med «Floodway» og meterstokkar for å merke seg kor høgt vatnet står. Noko som verka heilt surrealistisk når vi kjørte gjennom dette tørre tørre landskapet. At her skulle vere flom? Det skjer visst med jamne mellomrom.




Lunsjstopp på McDonalds. Og eg hadde heldigvis med meg yoghurt, eple og div som eg kunne ete.
Bilder frå andre toalettstopp undervegs:




Vel framme i Goondiwindi åt vi lunsj/middag på ein lokal pub.



Og Karoline gjorde herverk med første møtet med motelrommet vårt på The Jolly Swagman i Goondiwindi. Rommet som med untakk av litt maur egentlig var ganske så levelig.




I Goondiwindi møtte vi dessutan ein god dose rasisme når vi fortalte poldama at vi skulle vidare til Bourke. Aborigerane er tydligvis veldig svarte. Fysjafy! Vi fann ut at det ikkje var hjelp i å prøve å endre synet deira, og tok med oss kvar vår vinflaske frå polet og reiste tilbake til motellet.
Vinflaskene vart ikkje opna denne kvelden, sidan vi var så trøtte at vi (ein gjeng på ca 6 jenter) berre halvsov på kvar vår ende av sengene og skvaldra før vi gjekk kvar til vårt og tok tidlig kveld.

Neste mogon gjekk turen vidare til Bourke, med frukoststopp i Moree.



Ellers på vegen er veggrøftene fulle av kvite dottar, som ved første augekast kan sjå ut som søppel, men som ved vidare ettertanke er bomull, frå bomullsankinga.

Og midt ute i ødemarka står der plutselig eit skilt om at det er busstopp. Næraste hus eller levande menneske er fleire km unna, og eg lurer på kven i alle dagar som går av bussen på ein plass som dette.

Og overalt er det billabongar (vannhol som er igjen frå flaumen) og creeks (elver). Og alle elvar har sitt eige navn og skilt! Sjølv om mange er så små at dei nesten er usynlige.

Til trass for at det er asfaltert veg heile strekninga (eg var litt skuffa, eg hadde gleda meg til å kjøre på raude dirt roads) var det innimellom litt hompetitten og hompetatten. «Damage from flood» stod det på skilta. Vannflaskene som låg i setene hoppa 30cm opp i lufta, jentene på bakerste rad hylte og vi andre lo og koste oss over den uplanlagde karusellturen. Litt humping blir nemlig ganske voldsomt når fartsgrensa er 110km/t. Faktumet at dei fleste låg i alle slags vinklar og positurar og halvsov i setene, utan setebelte, gjer heller ikkje saken særleg mykje betre.

Rett før vi kom til Wigett ropar Earle, vår sjåfør, fotograf og trivelige reisekompanjong «KANGAROO!» og bremsar ned idet samtlige strekker hals og reiser seg opp i bussen for å sjå den svære kenguruen som hoppar over vegen midt mellom alle trailarar (som btw heiter road train her i Australia) og rett framfor bussen vår før den rømmer ut i skogen igjen. Alle var i ekstase over å ha sett den første levande kenguruen. Og mitt kamera låg sjølvsagt gjøymt nede i sekken medan eg låg g døste i bussetet, så eg fekk ikkje bilete av det store spenstige pungdyret. Men her er eit bilete frå google så dåkke får litt meir feeling på kva vi såg.


Ikkje mange timar seinare var det min tur til å sjå ein kenguru, ute i skogen. Og eg måtte sjølvsagt informere resten av bussen. Det var ikkje fullt så gale som at bussen nesten velta av at alle skulle sjå ut vinduet på eine sida, men entusiasmen var stor.

Ellers såg vi mange emuar langs vegen.


Og mange tre som er dauda, som står med stubbar i alle fasongar og latar som at dei er både kenguruar, giraffar og andre skapningar. Utallige gangar såg eg kenguruar, som stod i ro som ein stubbe, og viste seg å vere nettopp ein stubbe.

Når eg tenker meg om var opplevinga ganske spesiell eigentleg. Der satt vi 20 studentar frå Noreg, på ein minibuss og skrangla oss bortover ein beine veg. Alt av landskap rundt oss er flatt, men alle sitter og stirrar ut som om det va den beste actionfilmen som utspelte seg utafor vinduet, på jakt eter kenguruar. Peter, egyperten, fotografen og den andre reisekompanjongen vår frå universitetet hadde mykje rar musikk på høgtalarane i bussen, medan vi rulla oss utover i bushen. Til Bourke.

Etter ca 12t i buss, og ca 1.000km unna Brisbane ankom vi Bourke søndags ettermiddag – klare for å møte vertsfamiliane våre.



Det første vi møtte i Bourke var derimot ein stor husbrann. Tydeligvis heilt vanlig og nesten daglegdags i denne vesle byen, fordi dei små barna har utrygge heimar og ingenting å bruke fritida si på, anna enn å setje fyr på hus og div.

Btw:
Eg må berre nevne at alle hus her nede står på pålar. Nesten alle hvertfall. Slik at golvet er minimum 20cm oppe frå bakken. Noken 1m, andre 2m slik at bilane står parkert under. Om det på grunn av dei regelmessige flaumane veit eg ikkje, men.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar