mandag 24. september 2012

Stradbroke Island

Fredag var det dags for ei skuleutflukt. Vi skulle til Stradbroke Island! Og hald dåkke fast, for her blir det litt barnehagestemning utover i innlegget.

To dagar i forvegn fekk vi beskjed om å ta med rikelig med drikke, ha hatt og lette kle, med bikini og handkle i sekken. Det var nemlig meldt 34*C denne dagen!

Fredag stod vi der, etter å ha spasert bort til skulen, og kjente eit par regndropar på vår småkjølige bare hud før vi satte oss på minibussen.
Det var derimot ikkje mange dropane som kom, og etter ein soldans på fergekaia frå mi og Marte si side var det lettskya og regnfritt når vi tok fatt på dagen vår.
På ferga over til øya stod nokre av oss og speida etter delfinar. Og jammen var ikkje læraren vår Leah så snill at ho oppdaga dei og informerte oss! Var ikkje mykje vi såg av dei, men dei var der!



Første stopp var på ei herleg sandstrand. Eg var eigentleg ikkje klar over kor mykje eg har sakna saltvatn, bølger og ei ekte strand før eg var der og verkeleg sette pris på det. Sola kom berre fram nokre sekund om gongen, men det hindra ikkje badeglade nordmenn! Vi var visst på ei surferstrand, så bølgene var høge, kjempekjekke og litt skumle. Livreddarane var strikse på at vi berre fekk opphalde oss mellom flagga, og vikjente godt strøymane i vatnet når bølgene kom og trekte seg tilbake. Stod eg med vatn opp til midjen slo fleire av bølgene høgt over hovudet på meg.
Vi koste oss!





Planen var eigentleg å ha BBQ lunsj på stranda, slik at vi kunne slappe av og sole oss der (utan sol). Men pga litt misforståelsar måtte vi berre pakke saman når vi var ferdig å bade og reise til ein restaurant eit like stykke unna. Der fekk vi server fisk! Det blei med andre ord fiskemiddag for andre dag på rad på meg. (Og joda, eg åt opp maten begge dagane).


Eigaren eller kokken av restauranten hadde sett ein vill koala som hadde busett seg i treet utafor huset hans denne mogonen. Så då reiste vi jammen heile bussen av garde for å sjå på den late krabaten.



Etterpå var det tid for å møte ein mann eg ikkje hugsar namnet på, men som iallefall var aboriginar.
Vi hørte toreveret i bakgrunnen, men overhørte det. Han viste oss ulike klesplagg, ulike insrument og spelte på didgeridoo for oss. Og eg trur samtlige satt å måpte. Herlighet så flink han var! At det går an å lage så mange tonar, melodiar, dyrelydar og musikk ved hjelp av eit langt rør var rett og slett uventa.
Karoline fekk filma dette, så ho legg ut filmen på hennar blogg. Link til bloggen hennar på venstre sida her for dei som vil høyre.


Så var det tid for aktivitet. Etter å ha blitt malt i ansiktet på ekte aboriginalt vis skulle vi danse ein aboriginsk velkomstdans, og andre forskjellige dansar. Ganske artig eigentleg. Eg klarte berre såvidt å konsentrere meg om trinna, for eg vart sjarmert i senk av dottera hans. Eg klarte iallefall ikkje å ta bilete av alt i same slengen.



Varme i trøya fekk vi utdelt kvar vår boomerang som vi skulle male. Og ulike skisser av symbol, dyr osv og kva dei betyr. Så vi fekk litt inspirasjon til dekoreringa. Eg trur eg aldri før har sett ein gjeng med 20-26år gamle studentar vere så konsentrerte før, over ei så banal handling. Haha.


Etter malinga fekk vi prøve å kaste boomerangar. No begynte regndråpane og komme, tettare og tettare. Og til slutt måtte også dei siste pirkelusene avslutte malinga. Men kaste boomerang skulle vi! Eg skulle iallefall, for etter det første sleivkastet fekk eg skikkelig dreisen på det! Boomerangen fauk framover før den sakte roterte rundt i ein svær sirkel og landa omlag rett ved sida av meg. Stor stas! Det var så kjekt at eg måtte kaste mange fleire gongar, ute i regnet. Til slutt vart vi også overtalte til å komme inn i bussen så vi fekk reise tilbake til ferga.


Fornøgde satt vi på fergekaia, ein halvtime før båten gjekk, og studere boomerangane og ansiktsmalinga våras. No hørte vi igjen tordenbrak og såg lynglimt.
Nokre av oss sprang ca 50m bort til toaletta, og før vi rakk å gjere oss ferdig på do opna himmelens sluser seg. Det høljregna som berre det!! Og lynet fascinerte meg veldig, som ein liten unge. Det var nemleg første gong eg såg «strek-lyn» med mine eigne auger! Det er jo slik ein ser på film og bileter, men sjølv har eg kun opplevd blinking. Å sjå gnistrane strekke seg ut frå skyene og ned mot bakken var tøft!


Og ja. Eg tar meg sjølv i å vere i ekstase over den minste lille ting her nede. Alt er eit eventyr i mine auger. Anten det er å oppleve streklyn, å få swag i staden for sovepose på camping (det fikk eg diverre ikkje likevel) eller å få kaste boomerang. Eg blir glad for alt om dagane eg, nesten. Det er ikkje den stuptrøtte Carinaen som vaknar til ein ny dag på skule eller jobb, men ein Carina som gledar seg til å sjå kva den nye dagen vil bringe.
(Til dømes stod eg idag opp kl.07, til trass for at skulen ikkje begynte før kl.14!)

2 kommentarer:

  1. Åååå.. Det ser kjempekjekt ut!! Du må kose deg masse <3 (noke som det ser ut til at du gjer også:P)

    SvarSlett
  2. Ja, har det heilt supert her nede =) Mangla ikkje på kjekke ting å gjere! Mangla heller tid og lyst til å jobbe med alt skulearbeidet =p
    Kjekt å sjå at du er innom og les =) Og ikkje minst kjekt når du legg igjen kommentar! =)

    SvarSlett