fredag 7. september 2012

Exploring Brisbane

Då er straks opphaldet i Brisbane over for denne gong. I morgon reiser vi nemlig til Bourke! Vi skal gjere så mykje artig dei neste 9 dagane, og eg gledar meg skikkelig. Eg syns det er skikkelig kult at familiar i Bourke står på venteliste for å huse oss, og at vi får hovudsalen i rådhuset til disposisjon for forelesningar, oppbevaring osv. Byen er virkelig klar til å ta imot oss, og vi får ein gyllen sjanse til å sjå bygda på ein måte dei fleste australske ikkje får.

Men nuk om Bourke. Dette innlegget skal handle om dei to andre dagane våre i Brisbane.

Torsdag var vi ein tur på skulen. Griffith University. Queensland College of Art. Southbank Campus. Ja, nemlig. Der fikk vi omvisning på biblioteket, vi skulle eigentlig få studentkort, fekk tilgang til internett, velkomsttale, infoforelesning og lunsj innimellom. Og lunsjen var ... sushi! Midt i blinken for ei skrubbsvolta sjel som ikkje likar fisk. Men dei som kjenner meg rett veit at eg måtte prøve! Og eg smakte både det eine og det andre. Men kjem nuk ikkje til å gå på sushi-restaurant ved seinare anledning. Kanskje i Japan, men då for å sjå galskapen og ikkje for å ete.


Og området rundt campus er virkelig nydelig!




Ikkje langt unna campus er der til og med eit basseng som er utforma som ei strand! Sandstrand midt i byen. Genialt.
Her kjem vi nuk til å tilbringe ganske mykje tid..


I dag tilbrakte vi nokre timar på denne «standa». I dag var det kjempevarmt! Eg holdt riktignuk på å fryse ihel når eg stod opp, men når eg kom meg ut i sola tina eg raskt opp att. Det var skikkelig deilig å ligge på stranda. Men det var utruleg varmt til å begynne med på dagen! Og seinare skya det over. Menmen. Når eg tenker over at det er vår her no, og at det blir enda varmare i vekene som kjem.. Ja, det blir iallefall varmt nok!

Ellers har vi valsa litt rundt i gatene og småshoppa litt. Blant anna har eg kjøpt meg ny sekk som eg kan ha som handbagasje til Vietnam og andre seinare reiser, og til campingsekk dei to nettene vi skal campe i Bourke.

No må vi heim og pakke om alt vi eig her nede. (Etter min Frappucino Dark Mocha, som er blitt ganske så smelta sidan eg har utnytta mine 30min med wifi.) Kofferten skal stå på skulen ei drøy veke, og eg skal kun ha med ein sekk (+liten sekk) til Bourke. Vi skal pakke så lett og lite som mogeleg på grunn av reisemetoden, så dataen får diverre ikkje vere med. Er uansett ikkje sikkert vi har internett der, så. Eller tid til å sitte på internett, for den del. Og eg har mest sannsynlig ikkje dekning på den australske mobilen. Kommunikasjon med Noreg blir difor minimalt. Og blogging blir såklart utelukka. Men om 10 dagar skal det komme ein innlegg om all moroa vi hadde i Bourke!
Og forhåpentligvis har vi då internett i leiligheta, eller eg går bort på skulen for å blogge, slik at eg kan laste opp litt meir bilder.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar