Hei
igjen folkens. Er ikkje blitt så mykje blogging i det siste. Det kan
kanskje forklarast med at vi ikkje har internett i leiligheta, men eg
trur uansett ikkje det hadde blitt prioritert, så fort som dagane går
her nede.
For
to veker sidan ankom vi Benalmadena, fire ivrige studentar. Saman med
nøklane til leiligheta fekk vi ein 6-liters dunk med vatn og ei
champagneflaske av husverten. Då var vi klare!
Dei
første dagane brukte vi til å gjere oss kjende i området, besøke det
lokale fredags-markedet og til å nyte sol og varme på stranda. Ingen av
oss blei særleg solbrende (Cosmica solkrem ftw!), og med nasene i
skjønnlitterære bøker og musikk i ørene fauk dagane forbi fortare enn
rettferdig.
Plutseleg
kom mandagen og praksis, og tysdag stod eg plutselig i klasserommet og
underviste fleire timar utan øvingslærar til stades. No har eg overtatt
all undervisninga til øvingslæraren min, det vil seie at eg har overtatt
samtlige av timane hos 3.og 4.trinn. I tillegg har eg tatt på meg eit
par spansktimar i veka, så eg
har nuk å henge fingrane i! Men det er stort sett berre koselig, og
virkelig lærerikt. Eg har virkelig fått innblikk i korleis det er å ha
si eiga klasse, lage vekeplanar og styre løpet heilt sjølv i nokre
veker. Korleis læraryrket verkeleg er. Så no er skuleovertakinga i februar inga skremmande utfordring, føler eg.
Når
vi er på skulen frå 8:30 til kl.17 nesten kvar dag, og deretter dreg
heim med veska full av bøker, er det ikkje mykje sol vi har fått på
kroppen eller mange sprell vi har fått tid til. Men vi har så mykje vi
vil oppleve på kveldstid, at vi no har begynt med ”arbeidskveldar” der
vi planlegg langt fram i tid, slik at vi kan ta fri eit par timar andre
ettermiddagar. Og helgene nyter vi fullt ut!
På
fredag var vi på Plaza Mayor, som eigentleg er ein liten småby av eit
kjøpesenter, med mange små gater fulle av butikkar og restaurantar.
Mykje koseligare enn eit varehus med butikkar, slik som ”vanlege” kjøpesenter.
Lørdag
reiste vi til Malaga der det vart enda meir shopping og litt byvandring
for å oppleve byen, før vi brukte søndagen på stranda. Deilig!
I
går var vi i gamlebyen, ein koselig del av Benalmadena med små trange
gater, blomster, typisk spanske hus og ei fin atmosfære. Idyll.
Framover
skal vi også få med oss båthavna i Benalmadena, Parque Paloma,
Fuengirola, Torremolinos og taubane opp på fjellet med utsikt og
ørneshow. Alt dette på kveldstid, forhåpentligvis. På laurdag skal vi ta
oss ein dagstur til Marokko, noko eg gledar meg stor til! Og
forhåpentligvis får vi strandtemperaturar på søndag, om vi ikkje
bestemmer oss for å reise til Malaga på marknad.
Som
du forstår fyk dagane av garde! Og om 11 dagar sit eg plutselig på Eid
igjen. Det skal bli deilig det også. Kjenner at eg saknar Tor ein heil
del, og meir og meir for kvar dag. Men for no, så har eg det kjempefint
her nede.
[Beklager
kjedelig/bildefritt innlegg. Bilder kjem når eg får bilda på dataen, og
har internett på kveldstid. Altså kanskje når eg er heime om to veker]
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar