søndag 3. juni 2012

Nicaragua eller Argentina?

I dag når Tor reiste på kino klarte eg ikkje å leite fram eksamensbøkene, men gjekk heller inn på kulturstudier.no og las meir om spanskstudia deira. Og det endte med at eg allereie har levert inn ein søknad! Om enn ikkje ein svært høgtidelig ein.
 

Eg har funnet ut at eg ikkje vil ta fleirkulturell pedagogikk sidan eg skal ta spesialpedagogikk seinare. Men 30stp spansk er noko eg har lurt på lenge! Og dette studietilbudet har eg ikkje her i Norge (etter det eg har funnet) med mindre eg flyttar på meg eller tek det over nettet og betalar i dyre dommar. Då kan eg like gjerne flytte langt, betale kanskje litt meir og få ei real oppleving i same slengen!

Etter å ha lest på dei ulike studieplanane og mykje anna har eg funnet ut at eg vil ta spansk 1, og at eg vil ta det på vårsemesteret allereie no i 2013. Trass i mykje anna reising i haust er det dette som passar best.
Eg har funnet ut at eit heilt år blir for mykje, og at 30stp bør vere nuk for å ansette meg som spansklærar. Om ikkje får eg heller ta meir via nettet når eg kjem heim. Så avventar eg om eg tek litt engelsk (som eg eigentleg skulle ta våren -13) ved sidan av spes.ped studieåret etter.

Valget står då mellom Nicaragua eller Argentina. Begge tilbyr Spansk 1 våren 2013, og begge kursa varer i 12 veker (feb-april). At det berre er 12 veker er eit stort pluss. Då får eg vere heime med Tor i heile Januar, og kjem heim tidleg i Mai. Likevel ateletar eg litt på å reise i februar igjen etter ein haust i utlandet, sjølv om Tor seier eg berre må reise no medan eg kan.


Begge skulane har også 15stp Spansk, som truleg er identisk, men Nicaragua har Latinamerika-studie og Argentina har Spansk-Amerikansk litteraturstudie, begge på 15stp som kjem i tillegg. Sidan det først og fremst er studere eg skal der borte så søkte eg difor på studiet i Nicaragua som 1.ønske og Argentina som nr.2 utifrå kva fag eg syns virka mest interessant. Eg følte også studiet i Nicaragua var meir tilrettelagt meg som lærar, med ei didaktisk oppgåve som eine arbeidskravet.

Sidan studia likevel var ganske like har eg grubla litt på kvar eg eigentleg vil reise. Kvar har eg mest lyst til å tilbringe 12 veker, Buenos Aires eller León? Kvar har eg mulighet til å oppleve mest i nærmiljøet eller til å reise rundt i helgar og påskeferien (som visstnuk blir i løpet av desse 12 vekene)?

Inntrykket mitt no etter å ha lest velkomstekstane, fagplanane og studieguidane har eg inntrykk av at Buenos Aires er ein mykje større by der ein går på eit stort Universitet og ein er veldig overlatt til ein sjølve.
I León derimot er frukost og lunsj i studenthusa inkludert, det går bussar til og frå skulen kvar dag, leilighetene er veldig studenttilpassa og generelt at skulen "passar meir på en". Skulen er også meir eit læringssenter, som ligg på stranda, og ikkje eit universitet.
Begge landa har sommar i tidsrommet eg eventuelt skal vere der, men Buenos Aires kan kanskje ha noko høgare temperaturar.
Eg tenkjer at i Nicaragua er det kanskje lettare å reise til f.eks Cuba i påska? Medan i Argentina er det meir å oppleve i nærområdet rundt, eller Rio i Brasil i påska?


Eg skal bruke litt tid på å lese nokre studentbloggar frå dei ulike stadane, og generelt om plassane. Helst utan at det går utover neste eksamen.
Ein anna sak er at to frå sekskløveret i Volda mest sannsynlig skal til Nicaragua i same tidsrommet og studere fleirkulturell pedagogikk. To av dei eg reiste til Benalmadena med. Det hadde såklart vore artig å reist same plass som dei, men samtidig er eg der for å bli kjent med nye mennesker og plassar, og snakke spansk med andre som snakkar spansk. Eg reiser for min eigen del. At dei truleg er i Nicaragua vil difor ikkje påvirke meg i valget mitt anten den eine eller andre vegen, eg vel ut i frå studia og plassane.

Då kan folk komme og besøke meg i påskeferien!! Og kanskje vere med å reise til Cuba/Brasil/rundtom ;))

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar