tirsdag 5. februar 2013

Nicaragua snik seg inn i hjarterota!

No har eg vore i Leon tre dagar, men det kjennest ut som eg har vore her mykje lenger! Og eg må berre sei: eg stortrivast!

Eg likar (langt langt inne) at ulike hanar galar i kor før kl.06 om morgonen. Og at eg i dag valde å klarte opp nokre etasjar kl 05:48 og speide etter denne hanen som etter lyden å døma bur under puta mi.


Eg likar at eg fekk lese over skuldra til ein lokal mann på den overlesste lokale bussen, og då få med meg og forstå delar av ein krangel han hadde med sin "amor bella" via sms. Han trygla og prøvde å fortelje at det berre var ho i hans liv, samtidig som han fekk fleire sms med "Fresita" som han svarte på før han påpasseleg sletta samtaleloggen etter kvart. Luring!

Eg likar at vi bur på Santiago. Eg trur vi har dei finaste romma med dei beste sengene, og er attpåtil så heldige å dele bad med få eller ha eigne bad på romma. Stor kontrast til dei andre hostella der 30 studentar delar felles dusjar. Og generelt er hostellet flott, det er såpass "få" som bur her at vi alle blir godt kjende, og personalet er superkoselige.



Eg likar at vi på første skuledag hadde fri etter den diagnostiske testen. Det vil seie at omlag alle spanskstudentane låg på stranda (og vi var framleis på campus!) og kjempa mot dei sjukt høge og sterke (og skumle) bølgene.



Eg likar at der er tre hengekøyer på campus som ein kan ligge i og berre kjenne at livet er heilt topp. At vi ikkje har hengekøyer på Santiago er kanskje einaste minuset her. (Bilete er dog ikkje frå skuleområdet, men frå Monkey der flesteparten bur)


Eg likar medstudentane mine. Her er så mange søte, herlige, morosame, kule og hyggelige personar!

Eg likar at her ikkje er butikkskilt i like stor grad som andre plassar, men at ein malar muren i ulike fargar og dekorerar med butikknamn etc.


Eg venner meg fortsatt til å sjå ned medan eg vandrar rundt i gatene. Her er store hol i gangfelta og nesten farleg å gå rundt ukonsntrert.


Eg likar at fleire butikkannsatte, kelnerar og generelt lokale folk smiler tilbake. Og er vennlige når ein prøvar og prate spansk med dei.

Eg likar at eg berre etter nokre dagar i eit spansktalande land kjenner at språket byrjar å demre att.

Eg er allereie vand med å vere klam 22-24t i døgnet. Dusjing og bading i havet er einaste minutta ein ikkje er klam.

Eg er vand med å vere konstant groskjeten frå ankelen og ned.

Eg er inforstått med at dusj, vask osv berre har av/på kran, og ingen temperaturregulering. Dusjeminutta er einaste minutta eg faktisk har gåsehud. Men det går greit, sidan her er så varmt i lufta.

Eg har akseptert at her er vifter og ikkje aircondition. Til trass for 40*C - overalt, kvar dag.

Eg har observert at sanden på stranda er gaske svart. Kanskje på grunn av alle vulkanane som omringar Leon? Og at det gjer sanden ekstra ekstra ekstra brennheit på dagtid når sola steiker.

Eg likar (egentleg) at kroppen er full av sand og salt somme dagar. Kombinert med solkrem og svette kan det bli noko travelt, men slik er det. Og kjempar ein mot bølgene samlar ein opp minst 30g grus i bikinitruse og -topp.

Eg likar at eg kan ete eit herremåltid for 50 NOK.

Eg likar at ALT blir utruleg vakkert i lyset frå den vakre solnedgangen.




Eg likar at Kulturstudier tok oss med opp til eit utkikkspunkt etter informasjonsmøtet. Og at vi då måtte kjøre gjennom meir landsbyaktig del av byen.




Eg likar eldre kvinner som sitter i grupper langs vegen og ser lykkelige ut.

Eg likar kvinner i alle aldrer som er i god stand og er superlykkelige med å ha litt mage. God mat med god samvittighet trur eg er oppskrift på lykke.

Eg likar søte kvalpar eg kan kose med i ledige studiestunder.





Og så avsluttar eg med litt ymse bileter frå dagane her.




 Frukost på desayunado med mine roomies





Hasta luego!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar