søndag 24. februar 2013

Brusande hav og brusande blod

Mellom tærna kjenner du den kjølige sanden, og kjenner varmen som kjem fram dersom du grev dei litt lenger ned.
I ansiktet kjenner du varmen frå eit bål, med flammar som leikar og teiknar skuggar i ansikt på gode venner.
I håret kjenner du brisen, og kjenner at det blir gradvis tjukkare av dei små partiklane av salt og sand som fylgjer med.
Du hører bølgene bruse mot land. Drønningar idet bølgene bryt, og skvulpinga idet dei trekk seg tilbake.
Du ser i overkant av 20 flotte medstudentar og høyrer latter som bevis på at  alle kosar seg. Anstrenger du deg kan du høyre prating frå andre sida av bålet også, men lyden er overdøyvd av vind, bølger og musikk frå ein iPod med høgtalar. Du høyrer kun dei som sitt nærast deg, og latterbrøla som bryt gjennom oftare og oftare utover kvelden.
Avhengig av musikken som kjem ut frå høgtalarane blir det plutselig allsang og/eller smådansing.
Mellom menneska står det flasker av Toña, eit lyst og lett Nicaraguansk øl, fleire typar rom og sprudlande sukkerdrikker. (Og ei og anna nesten tom pizzaeske med ein kattekropp stikkande ut av.)

Slik naut vi laurdagskvelden forrige helg.
Til å byrja med var vi berre tre stk som satte oss ned på stranda i mørket, men utover kvelden kom fleire og fleire hyggelige mennesker og kvelden var garantert ein suksess. Vi satt slik i timesvis, til langt på natt, før vi hoppa inn i taxiar tilbake til Leon.
Somme av oss åt då hamburger frå ein "henger" i parken før vi dansa vidare på ein nattklubb, og valsa oss heim att idet sola vurderte å byrja dagen og dei ansatte på frukostkaféane byrja å gjere seg klare til arbeidsdagen.

Bileta har vi lagra i minnebanken i hovudet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar