søndag 3. februar 2013

Hektisk reise!

I skrivande stund sitt eg på flyet frå Miami til Managua. Og det er absolutt inga sjølvfølge at eg sitt på flyet. Faktisk trur eg vi berre er 3 av 15 (ca, eg har ikkje heilt kontroll) som rakk siste flyetappen mot Nicaragua. Og bagasjen min, den trur eg ligg att i Miami.

Reisa mi starta torsdag kveld med nattbuss til Gardermoen. Den fyste timen kjendes ut som dagar, og Strynefjellet var høgare enn Kilimanjaro. Eg må innrømme at eg fleire gongar den fyste timen tenkte på å gå av bussen og ringe min kjære for å hente meg heim att. Men det gjorde eg sjølvsagt ikkje. Eg ville jo til Nicaragua, til trass for at eg kjende saknet.

På Gardermoen gjekk innsjekking og alt som smurt. Ved gaten til London såg eg meg rundt før eg gjekk bort til nokre jenter. «Hei! Skal dåkke også til Nicaragua? Med Kulturstudier? Ja, så kjekt! Carina heiter eg», og frå då av vart eg kjend med mange trivelige reisekompanjongar.

Flyet til London vart noko forsinka, så opphaldet på Heathrow vart stressprega. Saken vart ikkje betre av at vi reisande hadde fått mange ulike beskjedar ved innsjekkinga i Oslo. Nokon måtte hente bagasjen i London, andre i Miami og andre igjen (eg inkludert) skulle få sendt bagasjen heilt til Managua. Eg fekk derimot ikkje boarding pass lenger enn til London, så etter ein uhyre treig og lang kø ved sikkerheitkontrollen måtte eg og fleire andre ordne dette med flyselskapet.
Seint ute som vi var losjerte ein stressa ansatt oss gjennom billettkøen, fram til utspørring om laust og fast og til slutt fiksing av billettar. Så var det berre å legge på sprang til gaten. Ikkje noko tid til starbucks-kaffi eller toalettbesøk i London!

Etter 10t på fly til Miami var det godt å bevege seg att. Men vi endte opp med å stå heile 90 min i kø ved tollen og passkontrollen. Noko som førte til at vi enda ein gong kunne sjå langt etter kaffi eller toalettbesøk. Eg var sistemann i køen av gruppa vår, og fann ikkje att ei sjel etter kontrollen. Seint ute spurta eg difor til skytrain, neste terminal, fleire kontrollar og til slutt gaten. Eg skulle vore bort til bagasjebeltet og sett om kofferten min låg der, for det gjorde den truleg (andre bagasjar som eigentleg skulle heilt til Managua måtte nemleg hentast og sjekkast inn på nytt), men hadde eg henta kofferten hadde eg garantert mista flyet, så eg la på sprang mot gaten i staden for. Og eg rakk flyet, så vidt det var! Takk til fleire ansatte som sneik meg gjennom den ørtande lange sikkerhetskontrollen.

På flyet til Managua fann eg 2 andre frå Kulturstudier, men resten av gruppa er truleg att i Miami. Dei henta sikkert bagasjen sin då eg i staden la på sprang. Håpar alt ordnar seg for dei med fly vidare til Nicaragua. Og eg håpar eg ser kofferten min att i løpet av dei næraste dagane. Eg vart fortald at den skulle sendast heilt til Managua, så kanskje har eg skikkelig flaks.

Leksa er lært: 2-3t mellomlanding på ein flyplass bør halde, men kan fort bli knapt når køane er så uhorvelig lange.
Dette er sjølvsagt ikkje noko Kulturstudier eller Kilroy kan gjere noko med, slik er det berre.

Etter eit par timar i siste flyet og ein busstur til Leon skal det bli godt å legge seg i ei seng. Eg trur alle er slitne etter ei lang reise (på over 30t for min del iallefall) med mykje forskjellig informasjon, lange køar og det vi vil kalle unødig stress og forviklingar.

No skal eg plugge musikk i øyra og prøva så godt eg kan å senke skuldrane 3-4 hakk.

 Alle fly bør ha slike nakkestøtter som forhindrar at hovudet vippar frå side til side.

 Mykje papirarbeid på flya..

 Men vi fikk mat, og gjorde absolutt det beste ut av flyturane. "Nå koser vi vors!" utbraut min hyggelige reisekompanjong fleire gongar, som regel ved måltida. Og ja, vi gjorde i grunnen det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar