Fredag første veka hadde vi introdag, der vi blant anna fekk informasjon om ulikt frivilligarbeid vi kan gjere her i León. I tillegg til å stille opp sjølv kan eg spreie litt kunnskap og kanskje inspirere andre som reiser til å gjere det same.
Her i Leon kan du blant anna hjelpe dyr, barn og naturen. Det finnast sikkert mange organisasjonar du kan jobbe for, men her er dei Kulturstudier samarbeidar med i León.
Ca 10 min med taxi ifrå bysentrum finn du ein dyrepark. Ein kan kanskje heller kalle det ein forlatt dyrehage eller eit "animal
shelter" (beklager, eg finn ikkje ordet på norsk i skrivande sund). Der kan du finne apekattar, vaskebjørnar, krokodiller, skildpadder, sauer, villsvin og kanskje meir. Dyra har relativt små bur har eg inntrykk av, og der er sjeldan nokon som passar på dei. Her ein dag kjøpte ein gjeng inn frukt og reiste til dyreparken for å mate dyra. Hadde eg ikkje vore så innmari solbrend hadde eg også blitt med. Dette er noko alle kan gjere. Kjøp inn avocado, mango, bananer osv og sørg for at dyra får noko å ete denne dagen. Ta gjerne med noko plastbeger du kan helle vatn i også, då vatnet i bura er grønt og ekkelt. Dyreparken har stort potensiale, men situasjonen i dag er ikkje heldig. Og nei, ein kan ikkje berre sleppe dyra ut i det fri, dei kjem ikkje til å klare seg sjølve.
Nicaragua har størst tropisk regnskog i Latin-Amerika, etter Amazonas. Denne Mangrove-skogen lid under - nettopp - hogst. Kulturstudier har sådd opp ca 100 små trer som vi skal plante ut. Dette er noko alle kan gjere.
Du kan også leige ein guide og ein liten båt og ro på elva gjennom skogen. Fantastisk oppleving for deg, og bra for skogen. Då betalar du arbeiderane slik at dei ikkje treng å skade skogen for å få inntekt.
Barrilete er namnet på eit prosjekt for barn etter skuletid. Barn som kanskje ikkje har nokon (trygg) stad å gå etter skulen. Ei hyggelig dame tar imot små ungar tidleg på dagen og større ungar på ettermidagen. Vi kan besøke dei og leike med ungane eller hjelpe dei med lekser. Dette skal eg absolutt gjere, så eg blir nuk å skrive eit anna innlegg om Barrilete seinare. Eg får praktisere spansk, eg blir kjend med små nydelige skapningar, eg kan kanskje hjelpe dei med noko lekse, eg får god erfaring til læraryrket og forhåpentligvis kan eg helpe dei på nokon måte. Eg ser for meg at dett blir ein ypperleg vinn-vinn situasjon. Vi har fått beskjed om at ungane blir knytta til oss, så vi må besøke dei regelmessig dersom vi i det heile tatt skal vere der.
Aspanicasole er eit senter for ungar med kreft og kreft-overlevande. I begynnelsen av april tek vi i Kulturstudier med oss alle desse ungane til ei rolig strand og tilbringer dagen med dei. Vi skal leike med dei, grille, prate og kose oss. Mange av ungane har ikkje ein gong sett havet før. Vi studentane samlar inn eit visst beløp som dekker denne dagsutflukta, og resten av pengane går til Aspanicasole.
Ute ved stranda finnast det nursery for havskilpadder og klekkeri for egga. Det er ikkje sesong for dette no, så vi fekk ikkje så mykje informasjon om opplegget. Men samarbeidet med Kulturstudier er visst ganske nytt og må arbeidast litt meir med før det fungerar optimalt.
Faktisk treng du ikkje gjere så mykje meir enn å besøke landet for å hjelpe. Nicaragua er det nest fattigaste landet i den vestlige sfæra, og berre det at du oppheld deg i landet og legg igjen pengar hjelper. Ved å kjøpe ting og tang, ete ute på restaurant, ta taxi/buss, ta dansetimar, betale deg inn på utestad, tipse kelneren - ALT du gjer bidreg, blant anna til å oppretthalde arbeidsstadar. I tillegg kan du inspirere andre til å reise til Nicaragua, så bidreg dei også. Vi er no ca 70 studentar her nede som alle på ulike måtar bidreg til å oppretthalde næringslivet. Så enkelt kan det faktisk vere.
Bilete frå dyreparken, Barrilete, dagen med Aspanicasole og mangroveskogen kjem når eg har besøkt dei.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar