fredag 12. november 2010

Livet i Tallinn

Onsdag kveld snudde vi snuten mot bergen lufthavn. Golfen til Karoline var stappfull med fem jenter og koffertar, men humøret var på topp. Ei natt med svært lite søvn for dei fleste av oss, så vel framme på hotellet bestemte vi oss for å ta en rolig kveld. Vi åt middag på kinarestauranten rett nedanfor, før vi traska oss avgårde mot eit senter som ikkje låg så langt unna hotellet.

Ellers gikk dagane med på å spasere rundt i gamlebyen, sjå på bygningane, gå inn i kirker, ta bilder og shoppe i handlegatene og på sentera. Nesten kvar kveld hadde vi "godteriparty",  der dei fleste andre enn meg sovna ufrivillig kvar sin kveld.

Lørdagen tok vi hurtigbåt over til Helsinki. Båtturen tok 2,5t kvar veg, så vi hadde bestilt billettar slik at dagen i Helsinki skulle vare frå 10.30-21.30. Humøret var fortsatt på topp, før vi ved framkomst fikk vite at det var "all saints day" og at alle butikkane var stengt for dagen.. Riktig.. Menmen. Vi var inn i ulike kirker og turistattraksjonar, gikk i souvenirbutikkar og faktisk oogså i andre butikkar. Togstasjonen var nemlig open, så var eigentleg eit heilt kjøpesenter som var opent. Plutselig var heile dagen borte vekk, og vi måtte begynne å tenke på restaurant og å bevege oss mot kaia. Kanskje det var like greitt at flesteparten av butikkane var stengt likevel. Dei såg ganske dyre ut, og vi hadde nuk ikkje rukket over ein brøkdel. På båtturen på veg heim igjen rocka vi laust på dansegolvet ilag med alle pensjonistane. Søte gamle paret som skulle herme etter oss, rocka og rista kvar for seg, før dei måtte lene seg mot ein stolpe for å få pusten tilbake. Trur dei fleste likte at vi unge skapte litt liv og røre, for det gjorde vi virkelig!

Nest siste kvelden booka i jacuzzien  og kosa oss med bobler, godteri og god stemning. Eg og karoline ville derimot skjemme oss enda meir vekk. Så vi bestilte massasje og fotbehandling til den siste kvelden vår. Resten av gjengen var ute og shoppa, men vi hadde verken plass i kofferten eller penga på kontoen til å slå følge. Massasjen var superdeilig! Hadde eg tatt den første dagen hadde eg nuk booka meg fleire timar før hotelloppholdet tok slutt.

På veg heim igjen var flyselskap-dama ganske så sint og sur. Kofferten min på 29.8kg ville ho ikkje sende igjennom. Marita hadde også nokre kg i overlast, så her måtte finne på noko lurt. Vi vurderte å kjøpe en ekstra bag og et ekstra kolli. Men det trong vi ikkje! Eg hadde på meg 9 gensarar, fyllte jakkelommene til Hilda med kle og sprengte veska mi med den tyngste bagasjen. Det samme gjorde Marita. Kofferten min var til slutt 20.6kg, og eg jubla! Gjett om vi svetta gjennom sikkerhetskontrollen da? Trur nuk handbagasjen min var over 10kg.. Det første vi gjorde når vi kom gjennom kontrollen var å skaffe oss taxfreeposar, vrenge av oss kleda og lempe alt opp på ei tralle. Seier!

Så sprang eg ifrå alle på taxfreen i Oslo, for å rekke toget til oslo s, der eg skulle møte Sigrid og Elias. Neste innlegg blir nuk om dagane i Oslo, barnedåpen, osv.
Eg brukar dataen til Sigrid no, så bilder frå turen har eg desverre ikkje enda. Skal prøve å legge dei ut på facebook i løpet av neste veke.