Ellers
gikk dagane med på å spasere rundt i gamlebyen, sjå på bygningane, gå
inn i kirker, ta bilder og shoppe i handlegatene og på sentera. Nesten
kvar kveld hadde vi "godteriparty", der dei fleste andre enn meg sovna
ufrivillig kvar sin kveld.
Lørdagen
tok vi hurtigbåt over til Helsinki. Båtturen tok 2,5t kvar veg, så vi
hadde bestilt billettar slik at dagen i Helsinki skulle vare frå
10.30-21.30. Humøret var fortsatt på topp, før vi ved framkomst fikk
vite at det var "all saints day" og at alle butikkane var stengt for
dagen.. Riktig.. Menmen. Vi var inn i ulike kirker og
turistattraksjonar, gikk i souvenirbutikkar og faktisk oogså i andre
butikkar. Togstasjonen var nemlig open, så var eigentleg eit heilt
kjøpesenter som var opent. Plutselig var heile dagen borte vekk, og vi
måtte begynne å tenke på restaurant og å bevege oss mot kaia. Kanskje
det var like greitt at flesteparten av butikkane var stengt likevel. Dei
såg ganske dyre ut, og vi hadde nuk ikkje rukket over ein brøkdel. På
båtturen på veg heim igjen rocka vi laust på dansegolvet ilag med alle
pensjonistane. Søte gamle paret som skulle herme etter oss, rocka og
rista kvar for seg, før dei måtte lene seg mot ein stolpe for å få
pusten tilbake. Trur dei fleste likte at vi unge skapte litt liv og
røre, for det gjorde vi virkelig!
Nest
siste kvelden booka i jacuzzien og kosa oss med bobler, godteri og god
stemning. Eg og karoline ville derimot skjemme oss enda meir vekk. Så
vi bestilte massasje og fotbehandling til den siste kvelden vår. Resten
av gjengen var ute og shoppa, men vi hadde verken plass i kofferten
eller penga på kontoen til å slå følge. Massasjen var superdeilig! Hadde
eg tatt den første dagen hadde eg nuk booka meg fleire timar før
hotelloppholdet tok slutt.
På
veg heim igjen var flyselskap-dama ganske så sint og sur. Kofferten min
på 29.8kg ville ho ikkje sende igjennom. Marita hadde også nokre kg i
overlast, så her måtte finne på noko lurt. Vi vurderte å kjøpe en ekstra
bag og et ekstra kolli. Men det trong vi ikkje! Eg hadde på meg 9
gensarar, fyllte jakkelommene til Hilda med kle og sprengte veska mi med
den tyngste bagasjen. Det samme gjorde Marita. Kofferten min var til
slutt 20.6kg, og eg jubla! Gjett om vi svetta gjennom
sikkerhetskontrollen da? Trur nuk handbagasjen min var over 10kg.. Det
første vi gjorde når vi kom gjennom kontrollen var å skaffe oss
taxfreeposar, vrenge av oss kleda og lempe alt opp på ei tralle. Seier!
Så
sprang eg ifrå alle på taxfreen i Oslo, for å rekke toget til oslo s,
der eg skulle møte Sigrid og Elias. Neste innlegg blir nuk om dagane i
Oslo, barnedåpen, osv.
Eg
brukar dataen til Sigrid no, så bilder frå turen har eg desverre ikkje
enda. Skal prøve å legge dei ut på facebook i løpet av neste veke.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar