fredag 12. november 2010

Livet i Tallinn

Onsdag kveld snudde vi snuten mot bergen lufthavn. Golfen til Karoline var stappfull med fem jenter og koffertar, men humøret var på topp. Ei natt med svært lite søvn for dei fleste av oss, så vel framme på hotellet bestemte vi oss for å ta en rolig kveld. Vi åt middag på kinarestauranten rett nedanfor, før vi traska oss avgårde mot eit senter som ikkje låg så langt unna hotellet.

Ellers gikk dagane med på å spasere rundt i gamlebyen, sjå på bygningane, gå inn i kirker, ta bilder og shoppe i handlegatene og på sentera. Nesten kvar kveld hadde vi "godteriparty",  der dei fleste andre enn meg sovna ufrivillig kvar sin kveld.

Lørdagen tok vi hurtigbåt over til Helsinki. Båtturen tok 2,5t kvar veg, så vi hadde bestilt billettar slik at dagen i Helsinki skulle vare frå 10.30-21.30. Humøret var fortsatt på topp, før vi ved framkomst fikk vite at det var "all saints day" og at alle butikkane var stengt for dagen.. Riktig.. Menmen. Vi var inn i ulike kirker og turistattraksjonar, gikk i souvenirbutikkar og faktisk oogså i andre butikkar. Togstasjonen var nemlig open, så var eigentleg eit heilt kjøpesenter som var opent. Plutselig var heile dagen borte vekk, og vi måtte begynne å tenke på restaurant og å bevege oss mot kaia. Kanskje det var like greitt at flesteparten av butikkane var stengt likevel. Dei såg ganske dyre ut, og vi hadde nuk ikkje rukket over ein brøkdel. På båtturen på veg heim igjen rocka vi laust på dansegolvet ilag med alle pensjonistane. Søte gamle paret som skulle herme etter oss, rocka og rista kvar for seg, før dei måtte lene seg mot ein stolpe for å få pusten tilbake. Trur dei fleste likte at vi unge skapte litt liv og røre, for det gjorde vi virkelig!

Nest siste kvelden booka i jacuzzien  og kosa oss med bobler, godteri og god stemning. Eg og karoline ville derimot skjemme oss enda meir vekk. Så vi bestilte massasje og fotbehandling til den siste kvelden vår. Resten av gjengen var ute og shoppa, men vi hadde verken plass i kofferten eller penga på kontoen til å slå følge. Massasjen var superdeilig! Hadde eg tatt den første dagen hadde eg nuk booka meg fleire timar før hotelloppholdet tok slutt.

På veg heim igjen var flyselskap-dama ganske så sint og sur. Kofferten min på 29.8kg ville ho ikkje sende igjennom. Marita hadde også nokre kg i overlast, så her måtte finne på noko lurt. Vi vurderte å kjøpe en ekstra bag og et ekstra kolli. Men det trong vi ikkje! Eg hadde på meg 9 gensarar, fyllte jakkelommene til Hilda med kle og sprengte veska mi med den tyngste bagasjen. Det samme gjorde Marita. Kofferten min var til slutt 20.6kg, og eg jubla! Gjett om vi svetta gjennom sikkerhetskontrollen da? Trur nuk handbagasjen min var over 10kg.. Det første vi gjorde når vi kom gjennom kontrollen var å skaffe oss taxfreeposar, vrenge av oss kleda og lempe alt opp på ei tralle. Seier!

Så sprang eg ifrå alle på taxfreen i Oslo, for å rekke toget til oslo s, der eg skulle møte Sigrid og Elias. Neste innlegg blir nuk om dagane i Oslo, barnedåpen, osv.
Eg brukar dataen til Sigrid no, så bilder frå turen har eg desverre ikkje enda. Skal prøve å legge dei ut på facebook i løpet av neste veke.

lørdag 28. august 2010

Tallinn Upcoming

Tirsdags kveld var et par av jentene i Volda samla. Vi begynte å snakke om å reise. Og et par timar seinare satt vi der plutselig alle sammen, og hadde bestillt både flybillettar og hotell til Tallinn i begynnelsen av november!

Hotellet er billig penge, men attpåtil et skikkelig Spa-hotell! Med skjønnhetspleie, treningsrom, boblebad og mange forskjelliga spabehandlingar. Massasje på rommet går an å bestille. Og det er også mulig for å få barnevakt på rommet (mot tilleggsgebyr), måtte le litt når eg las det.

Det blir nuk shopping, spa, kultur og jentekos! Vi har fem dagar i Tallinn, vi er vekkreist i 6 dagar, og vi får fråvær frå skulen kun eine dagen - genialt. Så vi har god tid til og slappe av og kose oss i byen, samt få med oss masse. Trur det blir bra eg :)

Så blir det Barcelona med eidajentene i juni/juli neste år!
Også skal eg få med meg Tor til Paris og til Italia (Roma+Venezia).
Eg vil også til St.Petersburg og Egypt enten med Tor eller en jentegjeng.
Og då.. då står større reisemål som Australia, Brasil, India og Thailand på tapeten.
Reisefeber!

søndag 22. august 2010

Dublin!

Greit. Så bestemte eg meg for å legge ut bilder fra turen på fjaseboka likevel, sidan eg kom på at litt av meininga med livet mitt er å reise rundt og oppleve mest mulig. Da må man dokumentere det også. Også var litt av grunnen at eg fann ut at eg faktisk hadde meir enn tre bilder med mennesker på, og ikkje berre ting og tang. Så la gå. Men eg lovde å legge ut om Dublin her også ;)


Vi spaserte mykje rundtom. Tok sightseeingbuss og slikt. Då fikk vi sjå mange flotte bygningar og fikk sjå mykje av Dublin.


Så var vi på Guiness Storehouse og trakka eit par timar. Lærte om ølet og slikt. Tjukt tjukt beiskt øl.

Vi gikk veldig mykje faktisk. Og handla en god del.


Vi drakk uskyldig appelsinjuice..

Og vi gikk hand i hand i fine parkar.


Vi var ein dagstur til Galway, på andre sida av Irland. Der spankulerte vi rundt og handla litt. Såg på folk og gatemusikantane.

Vi såg gateteater med ein mann som skulle komme seg utav ei tvangstrøye og kjettingar.

Vi slappa av innimellom slaga.

Vi var på Riverdance-show! Stepping, gammal irsk/keltisk dans og musikk, og berre heilt kanon!

Vi var på kino og såg The Karate Kid og Knight and Day i en gedigen kinosal. Men eg angrar litt på at vi ikkje såg Step Up 3D. Eg trudde det var enaren i 3D nemlig, men det var visst film nr.3. Også går Knight and Day på kino her i Volda gratis i kveld i samband med fadderveka. Menmen. Var to gode filmar.


Vi lata som at vi var kjærestar.

Vi gikk på pub og smakte irish coffe og ulike øl.

Det var stort sett sol og fint ver.


Men innimellom måtte paraplyen fram for et par minutt.


Vi hadde det kjekt i souvenirbutikkar.


Og vi handla ganske mykje, både souvenirar, gaver og


Sko! Reebok ReeTone med puter under, så en liksom må balansere når man går. Då brukar ein musklane i legg, lår og rumpe mykje meir enn til vanlig. Men det var ikkje så viktig for meg. Eg diggar dei fordi dei er så utrulig herlige å gå i.

Vi hadde det ganske kjekt :)

fredag 30. april 2010

Le London

Så var turen til London forbi. Vi koste oss masse og fikk oppleve mykje, og ikkje har vi blitt uvennar heller! Den første dagen var vi våkne i 23t pga reisa, så vi blei ganske slitne i beina og trøtte, noko som hang igjen resten av dagane også. Allerede før frukost hadde vi vondt i føta. Men likevel spaserte vi rundt omkring i timesvis og fikk sjå det vi skulle med smil om munnen.

Stakkars Ellen fikk til stadighet høre "åh, det er så vondt" og "åh, eg må tisse!.." Men når eg hadde fått gått på do eller hadde lagt vekta på setemuskulaturen et kvarters tid, så var eg klar til dyst igjen. Ella som gikk rundt med støvlettar sa (les: klagde) omtrent ingenting.

Vi møtte på utallige kjendisar på Madame Tussauds, og eg trur skrekkabinettet var noko av det morosomaste eg har vore med på. Vi gikk gjennom gangar kor mange levande skuespelarar i skumle antrekk kom å skremte livskiten av oss. Eg passa godt på å ikkje gå for langt bak fyren foran meg, og stakkars Ella blei berre dradd etter. Eg trur eg aldri har hylt så mykje før! Eg er ikkje noke hyleperson, men då fikk eg virkelig brukt stemma mi, og det var kjempegøy! Kroppen min verkte fordi eg var så redd, men samtidig holdt eg på å le meg i hel. Fantastisk kombinasjon. Eit av høgdepunkta var når eg skreik sånn at mannen foran meg kvåpp og skreik tilbake til meg, berre slik at eg kunne skrike tilbake nuk en gang. Haha! Fikk verste latterkrampa når eg skulle forklare dette til Ellen etterpå også! Anbefalast på det sterkaste!



Så var vi oppe i London Eye kor vi såg utover nesten heile London, vi åt middag her og der, og vi tok undergrunnen fram og tilbake fleire gongar for dag. "This is the Picadilly line.. (for Cockfosters)" og "Mind the gap, please" hørte vi titalls gongar for dag. Lufta der nede, og kanskje også ellers i London, er forresten ganske skitten. Når eg pussa nasa mi var det svart, og eg hadde sot på nasetuppen! Vi såg Tower Bridge, Big Ben, dobbeldeckerar, kule taxiar, Westminister Abbey, raude telefonkioskar, osv. Vi var skikkelig London-turistar!

Vår ekstra dag:
Vi fikk også en ekstra dag på Gatwick Airport. Vi klarte å forsove oss (!!), så vi brukte eit par hundrelappar ekstra på å komme oss fort som fy til flyplassen. Og vi hadde rukke flyet! Men då måtte vi ha sett igjen koffertane våre, for dei fikk vi ikkje sjekke inn. Angrar på at eg ikkje maste meir på dama bak skranken, og var temmelig irritert på meg sjølv resten av dagen. Men vi fikk nye billettar i bytte mot pengar og hadde det kjekt!

Vi prøvde å innhente litt søvn, en time i slengen. Relativt mislykka prosjekt om eg må sei det sjølv. Eg sovnar fortsatt til alle tider på døgnet den dag idag. Så lagde vi Alias-spelet, som seinare blei til underholdning for en mann fra (? Ellen?). Vi snakka litt om mennesker som seinare viste seg å vere norske eller danske, og vi trøsta oss med å sjå på alle som ikkje kom seg til Island på grunn av kansellerte fly. Stakkars, eine jenta hadde sove på flyplassen fra torsdag til onsdag, og kanskje sit ho der fortsatt.

På kvelden kom vi i snakk med en pensjonist fra Gibraltar som reiser rundt heile verda, en hinduistisk veganer som ikkje kunne planlegge noke eller svare konkret på nokon spørsmål, en særs innpåsliten portugiser og en frekk men veldig morsom mann frå (jah, han med lappane der oppe. Ellen?).

Alt i alt; vi hadde en superkjekk tur!!
<3

mandag 12. april 2010

Ryk og reis!

Plassane i verda eg vil (skal!) oppleve mens eg fortsatt befinner meg på denne jorda. Helst før eg er 30år.
Rangert så godt det lot seg gjere:

Australia
Paris
Roma
Brasil
Egypt
Venezia
Mexico
India
Thailand
Island
resten av verda!

Norge, Sverige, Danmark, Finland, Tyskland, Tsjekkia, Polen, England, Spania, Mallorca og Kypros står allerede på merittlista. Fleire skal snart holde dei med selskap.