onsdag 3. april 2013

Big Corn Island

Tilbake til Big Corn Island merka vi at den avslappa stemninga forsvann litt. Denne øya er større, og har difor motoriserte framkomstmiddel og eit flust av taxiar. Mykje tuting langs vegane av taxiar som har lyst å tjene ein slant. Eg kjende med ein gong av eg ikkje hadde sakna bilbråk eit sekund.

Big Corn Island er ein veldig fin plass, men imponerte ikkje når vi allereie hadde vore på Little Corn.

Vi tok taxitur rundt øya, så vi fekk sett kva den hadde å by på.

Vi erfarte at øya har svært få restaurantar. Det er omlag berre på hotella at du finn fine eteplassar.

Vi besøkte Long Beach på andre sida av øya. Og hadde heile stranda for oss sjølv.


Vi gjekk opp til toppen av Mt Pleasant, som er ein liten bakketopp og dermed det høgaste punktet på øya.



Vi besøkte den beste stranda øya har å by på, og opplevde den «smekkfull av folk og med mykje liv, røre og galskap» sidan det var påske. Men vart heller overraska over kor rolig det var og kor få turistar vi såg. Deilig.



Også la vi oss heller ned på ei mindre, aude og like fin strand mellom hotellet og «den finaste stranda på øya». Einaste selskapet vi hadde der var ein liten flokk med lokale småbarn som bada og leika seg. Eg syns dette var den finaste stranda, eg.



Meir var det igrunn ikkje å gjere på denne øya. 2-3 dagar var eigentleg akkurat passelig for å oppleve alt øya kunne tilby i eit rolig tempo. 













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar