onsdag 3. april 2013

Little Corn Island!

Fredag vendte vi nasa mot Managua og flyplassen, og fekk kjenne på Nica-time. Etter at minibussen mot Managua fyllte seg opp og reiste var vi nr.4 og 5 i køen til neste minibuss. Desse står som regel klar for å fyllast opp, men denne dagen måtte vi vente fleire kvarter før bussen dukka opp.

Framme i Managua fekk vi atter fleire bevis på at mange av taxisjåførane i Managua er nokre luringar og svindlarar, i motsetnad til dei hyggelige sjåførane i León.
På flyplassen er det stor skilnad på den bittelille internasjonale delen og den større internasjonale delen, og på dette lille rommet som kallast innsjekkingshall for innanlandsflygingar fekk vi oppleve at sjølv om det berre var 5-6 personar framføre oss i køen, så måtte vi stå og vente i over ein time på å levere frå oss bagasjen. Billetten hadde vi allereie fått. Nica-time!

Siste billedlege fartshumpane av turen var på flyet over til øya. Det var mykje turbulens allereie på rullebana og ved oppstigninga. Heilt ærleg kjendes det ut som motorae drog ujamnt og vi sjangla frå side til side. Det hjalp heller ikkje på hjerterytma når dama bak meg byrja å be. Men eg hadde god tru på at vi skulle overleve likevel.


Det var tydeligvis to fly som reiste til Corn Island på omlag same tidspunkt. Og det var ikkje noko system med at bagasjen fulgde same fly som eigaren, dette var berre på måfå. Så vi måtte vente på neste fly og bagasjen før vi endelig var på Corn Island på ekte.

Sporenstraks satte vi oss på ein båt over til Little Corn Island. Paradis.
Øya har ingen bilar, motorsyklar, scooterar eller noko som helst med motor. Stilt og fredelig, med andre ord. Deilig.
Forutan nokre timar midt på dagen har øya stort sett straum. Korte brot innimellom er omlag daglegdags.
Varetransport og bagasjetransport skjer ved trillebårer, vogner og menneskekraft.
Dei lokale snakkar engelsk og spansk litt hipp som happ, men kanskje i hovudsak engelsk. Det vil seie engelsk med skikkelig Jamaica-aksent, så det var ikkje naudsynt så lett å forstå dei.
Øya er omringa av grunt vatn og korallrev. Og er såleis «one of the hottest Caribbean diving destinations you’ve never heard of” ifølge scubadiving.com. Yey!




















Ein av ettermiddagane brukte vi på å utforske øya. Vi spaserte langs strandkanten rundt den nordlege biten, forbi den eine aude stranda etter den andre. Veldig fin tur, men vi skulle kanskje ha byrja å gå ein halvtime tidlegare. Solnedgangen trua med tussmørke medan vi ikkje ante kor lenge det var igjen før vi møtte sivilisasjon att. Faktisk fann vi akkurat sivilisasjon og ein sti tilbake til «villagen» før mørket sette inn for fullt. Det betydde derimot at vi vandra midt i bushen på noko vi trudde var ein sti med berre månen og stjernene som lyskjelder. Akkompagnert av fleire skumle lydar og ukjende levande skapningar. Eventyr.

I løpet av denne turen gjekk eg også tom for straum på speilreflekskameraet mitt. Kameraet som må ladast to gongar i året, som vart lada for kor tid sidan. Og såklart hadde eg ikkje med meg ladar. Surt!
Menmen. Heldigvis har eg ok+ kamera på mobilen, så det blir bileter på dåkke likevel.




















Elles brukte vi tida på land til å slacke litt på strendene, bade i det krystallklare vatnet og ete på ein av dei få og små lokale restaurantane. Og å berre kose oss. Atmosfæren og stemninga på øya var skikkelig herlig. Der var nuk fleire turistar på øya sidan det var påske, men likevel ingenting i forhold til Middelhavsområdet eller andre turistdestinasjonar. Dei lokale var ein stor prosentandel av folka på øya. Altså ikkje slik som t.d. Mallorca der du kun finn dei lokale i restaurantar og butikkar, og alle rundt deg snakkar skandinavisk.

Ein dag våkna vi av at det tromma på taket av pissregn.
Men det varte berre 15min, så var det sol og steikhett igjen.




















Mykje av tida vår brukte vi under vatn eller hos dykkerselskapet. Vi tok i alt fem dykk + eit nattdykk. Og vi fekk sjå mykje kjekt!

Første dykket symde vi blant anna gjennom nokre grotter. I den eine grotta var det visstnuk ei hai, men denne klarte vi absolutt ikkje å få auge på, til trass for at vi var berre ei armlengd unna. Flink å gjøyme seg for utrente auger!
Men fortvil ikkje. På det andre dykket såg vi maaange haiar. Jepp, heilt sant. Det var riktignuk Grey Nurse Sharks, som aldri/sjeldan (?) et menneske, men som er relativt ufarlige.
 


Eit av høgdepunkta var på nattdykket. Instruktøren lyste på forskjellige ting og tang for oss, men idet han lyste ivrig ned i ei tilsynelatande tom grotte kom det plutselig ei svææær havskilpadde symjande opp så elegant som berre ei havskilpadde kan. For eit syn! Vi fulgde etter den eit stykke der den symde rolig bortover, før vi trakk oss tilbake og plutselig snubla over enda fleire skilpadder. Heile tre stk! (Eg såg berre to av dei, men). Ei medium og ei bittelita. Og ei som låg og sov, tydeligvis.
Ekstase.


Siste dykket var ikkje så verst det heller. Instruktøren vår drap fleire Lionfish (dei er skadelige for korallreva) og symde rundt med dei på eit spyd. Pluseleg dukkar det opp ein svær hai (Nurse dette også) som sym rundt oss, på jakt etter mat. Den var fulgt av ein litt mindre hai, og saman sirkla dei seg rundt og mellom oss, for å finne maten som lukta så nære dei. Dette vart på mange måtar eit mykje meir spektakulært møte med haiane, sidan omlag alle andre vi såg låg i ro på botnen. Og eg kjende for fyste gong at jau, det var faktisk haiar dette også, til trass for at det var Grey Nurse.

Vi fekk desverre ikkje oppleve Blowing Rock, men vi fekk sjå og oppleve mykje anna kult på dykka våre likevel.

Little Corn Island er ei superherlig øy. Vi var kjempefornøgde med å bu i «sentrum» blant restaurantane og dykkersjappene, ved ei lita strand. Det var berre 10min å gå før vi nådde dei større og «vakrare» strendene uansett. Mykje av øya er omringa av strender. «Problemet» er derimot at vatnet er så grunt, og dei små bølgene slår så langt innover land. Ergo blir det ikkje så mykje strandlinje igjen kvar ein kan ligge tørt. Men absolutt meir enn nuk. Til trass for påske og «fullt» av turistar var det meir enn nok pusterom på øya.
Og om eg ikkje har sagt det før – superherleg å bade i langgrunt og krystallklart vatn! (Les: å ikkje bli skyllt over ende av store bølger kvart 8.sek).

Og ja. Øya er svært rein og miljøvennlig. Du kan (kanskje) drikke vatnet frå springen, men dei fleste restaurantar legg opp til at du kan få fylle på vatnflaskene med «kjøpevatn» frå dunkar for billig penge. Genialt både for lommeboka og miljøet.

Dersom du reiser bør du derimot vere førebudd på at det er ei lita øy. Til dømes får dei ikkje varelevering kvar dag, så det er ikkje alltid restaurantane kan tilby alt dei har på menyen. Dei gjekk ofte tomme for frukt, til dømes.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar