mandag 1. april 2013

Kaffi og sjokolade

Dagen vi returnerte til León skulle vise seg å innehalde både ein stor skuffelse og ei stor glede. Begge omhandlar smaksløkane.

Hugsar du eg skreiv om korleis vi leita og leita for å finne den spesielle sjokoladen som blir produsert i Matagalpa? Vi vart så glade når vi fann dei at vi tømde det vesle lageret dei hadde.
Eg kjøpte i flust av alle dei ulike smakane og hadde store planar om å gje vekk til både familie, svigeramilie og vennar når eg kom heim. I tillegg til eigne smaksprøvar, såklart.


Når eg kom tilbake til hostellet idag såg eg til min store skuffelse at nesten alle sjokoladeplatene var vekk. Det har vore ein sjokoladetyv! Ikkje nok med at vedkomande har stjelt mine dyrebare souvenir-gåve-sjokoladar, men det verste er at personen har gått inn i kjøleskapet, funnet min boks med mitt navn på, opna den og leita rundt, funnet ein pose og opna den, og deretter ete nesten all sjokoladen som var der. Og etterlatt berre nokre usle sjokoladebitar, tomt sjokoladepapir og kvitteringa som beviser a eg ein gong i tida hadde mykje meir sjokolade i min besittelse. Manglenen på respept for andres ting er verre og meir rystande enn tapet av sjokoladen.
Ikkje sjokkerande var fleire av kvikk lunsjane eg fekk av Tor til påske også borte vekk. Og fleire andre kan meddele om tapt sjokolade; norsk og dermed dyrebar sjokolade her i Nicaland.

Du kan lese meir om sjokoladen du ikkje får smake likevel her: http://www.elcastillodelcacao.com/index.html

Frå sjokolade til kaffi...

Før påske var vi ein tur til Managua på shopping, då eit av lyspunkta for min del var når eg kjøpte meg ein Mocca Frappe frå Casa del Café. Denne var utruleg god, og eg lurte på kvifor i alle dagar vi ikkje har denne i León?
Smilet kom raskt når eg fann den same sjappa på flyplassen, og kaffien smakte herleg både før og etter turen til Corn Islands. Kanskje har dei denne sjappa kun på flyplassen og  hovudstaden? Kanskje er den utandlandsk?

Så, på veg til kinoen i kveld såg eg plutselig ei dame som gjekk med eit beger frå denne kaféen, midt i León. Hadde eg ikkje hatt litt dårlig tid til filmen hadde eg garantert stoppa og spurt kvar ho fekk tak i den.
Deretter, på veg heim frå kinoen, kva ser eg ? Casa del Café, midt i León! I den gata eg har spasert fleire gongar før, men tydeligvis alltid feil veg sidan kaffisjappa ligg litt gøymd bak eit hjørne. Whoa, lykke! Det verste er at eg trur eg har sett kaféen tidlegare likevel, truleg i stengd tilstand, men berre gått raskt forbi fordi eg ikkje visste kva som skulte seg innafor dørene. Men no jenter (og Tor), no blir det lunsj/whatever date på Casa del Café i løpet av veka!!


Innlegg og bileter frå Corn Islands er under produksjon og kjem straks.. Eg måtte berre få ut frustrasjonen og gleda fyst..

1 kommentar: